Vernepleiar 100% fast
- Arbeidsgiver
- Åheim, Tokke kommune
- Stillingstittel
- Vernepleiar 100% fast
- Frist
- 16.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre.
Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing til tenestemottakar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak
- Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar
- Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler
- Ta ansvar for planer, tiltak og IP
- Dokumentere i journalsystem
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre innstansar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent vernepleiar
- Gode norskferdighetar, snakke, forstå og skrive norsk
- Serviceinnstilt og fleksibel
- Evne til samarbeid og ha fokus på løysingar
- Bidra til innovasjon og utvikling innan helse og omsorg
- Bidra til at eininga når sine målsettingar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Positiv som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som skaper tryggleik og gode relasjonar
- Fleksibel og løysningsorientert
- Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert
- Kan ivareta menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv
- Stabil arbeidstakar med god arbeidsmoral
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å
søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar
arbeidsplassen om du har behov for det.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer
- Spanande og variert arbeidskvardag , med interessante arbeidsoppgåver
- God opplæring
- Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
- Gode kommunale arbeidsvilkår
- Løn etter avtale
- Gode pensjonsordningar i KLP
- Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad!
Kontaktinformasjon
May Anette Brattestå Sollie, Avdelingsleiar, +47 35075522, solma@tokke.kommune.noArbeidsstad
Ivirovegen 133880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 4913244721
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2025
- Sted
- Ivirovegen 13, 3880 Dalen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
- FINN-kode
- 391218190
- Sist endret
- 11. feb. 2025 11:17