Inaktiv

Psykolog/ psykologspesialist

Arbeidsgiver
Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykolog/ psykologspesialist
Frist
16.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?

Jobben som behandlar i BUP gir deg kvar einaste dag høve til å gjere ein meiningsfull skilnad. Vi legg til rette for di faglege utvikling og tilbyr kurs, og høve for spesialisering. Vi oppmodar til innovative tilnærmingar for å betre tenestene våre, og arbeider aktivt med nye behandlingsmetodar og oppgåvegliding. 

I Psykisk helsevern for barn og unge i Møre og Romsdal har vi eit levande forskingsmiljø, og fleire pågåande innovasjonsprosjekt. Mellom anna vert det arbeidd med utprøving av ny behandlingsmetodikk for ungdom med personlegdomsproblematikk. Vi har eit breit samansett og spennande fagmiljø, som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi har også etablert eit nevroteam med eigen adhd-sykepleiar. 

Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve. Satsinga Barn og unges helseteneste er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal og alle kommunane i fylket, der det vert utarbeida samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hjå barn og unge. Forløpa er no under implementering.

Dersom du synest dette høyrast spennande ut, og du tenkjar du har relevant kompetanse, så ønskjer vi å kome i kontakt med deg!

Oppstartstidspunkt: 1.april eller etter nærmare avtale med seksjonsleiar. 


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av pasientar i alderen 6-18 år
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
  • Samarbeid internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Ønskjeleg med spesialisering i barne- og ungdomspsykologi. Psykologspesialistar må dokumentere sin spesialistgodkjenning  
  • Ønskje om erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar 
  • Krav om framlegging av politiattest før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • Du har stor arbeidskapasitet, og struktur på eigen arbeidskvardag 
  • Du har evne til å arbeide systematisk og målretta

Å være personleg eigna vil være vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Kontaktinformasjon

Kristin Silseth, Seksjonsleiar, +47 41635875, kristin.silseth@helse-mr.no

Arbeidssted

Nøisomhedvegen 12

6416 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4906302784

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
391251731
Sist endret
29. jan. 2025 02:11