Inaktiv

Stipendiat ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS)
Frist
19.02.2025

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på tre (3) år. 

Stillinga er knytt til prosjektet: Decoding Death and Dying in people with Dementia by Digital phenotyping (5-D), som fikk tildelt det prestisjetunge Consolidator Grant fra det europeiske forskningsrådet (ERC). Den utlyste stillingen er finansiert av Universitetet i Bergen. Prosjektet er basert på tett samarbeid med Neuro-SysMed, Senter for klinisk behandling av nevrologiske sykdommer, Haukeland universitetssykehus. 

5-D er eit nyskapende og innovativt prosjekt for å undersøke hvordan moderne sensorteknologi kan benyttes til å gjenkjenne symptomer hos personer med demens som nærmer seg den siste livsfasen. Når vi dør, avtar vår fysiske, mentale og sosiale evner gradvis. Men per i dag finnes det ingen pålitelige metoder som kan fortusi at en person med demens nærmer seg døden. Gjennom innsamling av data fra sykehjemspasienter ønsker vårt forskerteam å utvikle metoder og verktøy som kan gi en mer presis forståelse av smerte, symptomer og adferdsmessige endringer ved livets slutt. I samarbeid med Institutt for odontologi, UiB, skal vi også undersøke munnrelaterte symptomer og spytt. Målet er å bedre kunne forutsi når pasientene har nådd "point of no return" ved hjelp av avanserte datasett. Det langsiktige målet er å kunne gi bedre smertebehandling og symptomlindring, øke oppmerksomheten til den siste fasen av livet, og optimalisere kommunikasjon med pårørende, pleiepersonale og fastlegen som oppsøker vedkommende som bor hjemme eller på sykehjem. 

Prosjektet er utvikla gjennom brukarinvolvering i alle fasar for å sikre resultat med høg klinisk relevans. Meir informasjon om 5-D finst her: https://www.uib.no/sefas/169814/5-dprosjektet 

5-D inngår i ei aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe ved SEFAS, og 5-D prosjektgruppa vil bestå av 10 personer (tre stipendiatar, to postdoktorar, to ingeniører, ein brukerrepresentant, ein senior rådgiver og ein prosjektleder). Alle er tilsett ved SEFAS deltek i Neuro-SysMed sitt forskingsnettverk med erfaring og ekspertise på komplekse helseintervensjonar hos personar med demens. SEFAS har de siste årene utviklet tett samarbeid med fremradende universiteter i Nederland, USA og Japan. Det er forventa at prosjektet fører til resultat av høg klinisk verdi som kvalifiserer til å publiserast i fagfellevurderte internasjonale vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karriereutvikling med langsiktig perspektiv.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
  • Stipendiaten har ansvar for datainnsamling til 5-D i samarbeid med en annen stipendiat, en forskningssykepleier og to postdoktorar. Dette kan være oppgåver som å inkludere deltakarar, kommunisere med pasienter, pårørende og personalet på sykehjem; installere og implementere moderne sensorteknologi, og følgje opp datainnsamling. 
  • Stipendiaten skal også behandle og analysere datasettet i samarbeid med ingeniørene. Desse oppgåvene inkluderer: signalbehandling frå bærbare einingar (f.eks. filtrering og fjerning av støy), estimering og validering av indikatorar for ulike symptomer som tyder på f.eks smerte, agitasjon, søvnproblemer. 
  • Videre oppgåver er ansvar for å utvikle metodar for å overvake symptom på "Point of no return" som ein del av 5-D der sykehjemspasienter med demens skal kartleggast over tid ved hjelp av sensorregistrering (kombinasjon av bærbare og stasjonære sensorar, med aktiv og passiv registrering. Påfallende arbeid som sensorvalidering og optimalisering kan påregnes.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i et relevant fag som for eksampel medisin, sykepleie, farmakologi, fysioterapi og ernæring. 
  • Det er også aktuelt med mastergrad fra informatikk, systemteknikk, informasjonsvitskap, anvend matematikk eller anna relevant grad på samma nivå så lenge vedkommende også har relevant kunnskap i helsefag.
  • Evner innan programmering, kunnskap om algoritmar eller numeriske metodar er en fordel men det er ikkje krav. 
  • Det teller positivt om kandidaten har basiskunnskap om signalprosessering og biomekanikk men det er ikkje krav. 
  • I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt. 
  • Flytande norsk (munnleg og skriftleg) og god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav 

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | 

UiB Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet


Forskarutdanning (ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.


Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.


Vi tilbyr:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmilj 
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din.
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskaper
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: prof. Bettina Husebø, bettina.husebo@uib.no; mobil +4748094660

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.  

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Helsepersonell, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
391277597
Sist endret
30. jan. 2025 06:57