Inaktiv

Sumarvikarar i helse og omsorg

Arbeidsgiver
Helse og omsorg, Vestre Slidre kommune
Stillingstittel
Sumarvikarar i helse og omsorg
Frist
16.02.2025
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Vestre Slidre kommune søkjer sumarvikarar i juni, juli og august til helse- og omsorgstenestene i kommunen.

Har du lyst til å ha ein sumarjobb kor du kan bidra og samstundes lære mykje?  Då er det kanskje deg vi treng!

Det er ynskjeleg at tidligare sumarvikarar søkjer på nytt.

Har du moglegheiter til å jobbe komprimert i ei kortare periode, er vi opne for forslag.


Arbeidsoppgåver

Vi treng ferievikarar til:

  • Institusjon og heildøgnsbemanna omsorgsbustadar
  • Heimetenesta, i tillegg til sjukepleiar i fengselshelsetenesta
  • Miljøarbeidertenesta 
  • Legesenteret

Ber om at du skriv i søknaden kvar du ynskjer å arbeide, i prioritert rekkjefølgje.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha fylt 18 år
  • Sertifikat for personbil er naudsynt for å jobbe i heimetenesta
  • Norsk autorisasjon som sjukepleier, vernepleier eller helsefagarbeider samt studentar og elevar innan ulike helse- og sosialfaglege utdanningar vil bli prioritert, men andre er óg velkomne til å søkje
  • Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leverast

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig, men også i team
  • Positiv og engasjert i arbeidsoppgåvene
  • Gode kommunikasjonseigenskapar
  • Evne til, og interesse av å lære nye ting
  • Fleksibel 
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Kontaktinformasjon

Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef Helse og oppvekst, 99539117, stine.nordaas@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16

2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune


Referansenr.: 4905921609

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 16.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
391341555
Sist endret
30. jan. 2025 07:10