
ID 978 Driftsoperatør vatn og avlaup – vikariat 100%, 1 år
- Arbeidsgiver
- Fitjar Kommune, etat Samfunnsutvikling og drift Vaktmeister Og Reinhaldtenesta
- Stillingstittel
- Teknisk fagskule eller fagbrev innan relevant handverksfag
- Frist
- 09.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Etaten Samfunnsutvikling og drift i Fitjar kommune har ansvar for drift og vedlikehald av det kommunale VA-nettet. Me lyser no ut vikariat som driftsoperatør for vatn og avlaup. Lengda på vikariatet er eitt år frå tiltreding. Stillinga vil høyra til VA-avdelinga som består av tre årsverk.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera
-
Drift og vedlikehald av det kommunale vassverket, inkludert vassbehandlingsanlegg, høgdebasseng og leidningsnett
-
Drift og vedlikehald av det kommunale avlaupsnettet, inkludert silanlegg, slamtankar, leidningsnett og pumpestasjonar
-
Innmåling og kartfesting av eksisterande leidningsnett
-
Lekkasjesøk
-
Oppfylging av styringssystem
-
Kontroll og rapportering av vasskvalitet
VA-avdelinga er lita, og som tilsett her vil du også måtta pårekna å bidra med andre driftsoppgåver ved behov. Du vil inngå som ein del av teknisk vakt. Vaktordninga er fordelt på dei tilsette på driftsavdelinga og VA-avdelinga og inneber roterande vekesvakt (inkludert helg) knytt til bygg og vassverk.
Tiltreding i stillinga er ynskjeleg så snart som mogleg.
Kvalifikasjonar
-
Teknisk fagskule eller fagbrev innan relevant handverksfag, gjerne VA-fag. Lang relevant erfaring vil i visse tilfelle kunna kompensera for manglande utdanning.
-
Førarkort kl BE
-
Erfaring med drift av VA-nett er ynskjeleg.
-
Gode datakunnskapar og interesse for digitalisering
-
Interesse, vilje og evne til å læra deg dei delane av faget som du eventuelt ikkje har kjennskap til frå tidlegare.
-
Evne til å arbeida sjølvstendig.
Me kan tilby
-
Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
-
Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
-
God offentleg pensjonsordning
-
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA -verksemd)
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt søkjar spesifisera og grunngje det i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, skal søkjaren varslast om dette.
- Sektor
- Offentlig
- Stillingsfunksjon
- Håndverker, Teknisk personell, Annet
- FINN-kode
- 391362267
- Sist endret
- 13. feb. 2025 09:01
Mer som dette



