Sommarjobb - Heimetenesta
- Arbeidsgiver
- Austrheim kommune
- Stillingstittel
- Sommarjobb - Heimetenesta
- Frist
- 10.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Er du på jakt etter ein meiningsfylt sommarjobb? Hjå oss kan du vere med å gjere ein skilnad, der du vert med å glede og hjelpe andre som treng det. Du vil vere med i eit omsorgsfylt team, der vi har det kjekt og gjer kvarandre god på jobb.
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim eller i omsorgsbustad. Me er opptatt av å sørgje for god omsorg og livskvalitet, og at brukarane skal få bu lengst mogeleg heime.
Så dersom du vil ha ein arbeidsdag med varierte og kjekke arbeidsoppgåver, få nyttig arbeidserfaring og jobbe saman med flinke folk ber me deg lese vidare!
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorgsoppgåver i brukaren sin heim
- Vask av brukaren sin heim
Kven ser me etter?
Kvalifikasjonar:
- Meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Kunnskap om bruk av dataverktøy
- Krav til gyldig politiattest
- Bør kunne jobbe minimum 4 veker samanhengande
- Gjerne vere under utdanning innan helse, sosialfag, omsorg eller liknande (ikkje eit krav)
- Søkjar til heimetenesta bør ha bilsertifikat
Personlege eigenskapar:
- Trivast å jobbe med menneske
- Positiv og lærevillig
- Bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø
- Kan arbeide sjølvstendig
- Evne til å vise omsorg, respekt og forståing for andre sine situasjonar
Søknaden din må innehalde:
- Kva for nokre veker du ynskjer å jobbe
- Når du ynskjer å ha ferie
- All utdanning
Me ser fram til å motta søknaden din!
Me tilbyr
- Ein meiningsfull sommarjobb der du bidreg til å gjere kvardagen betre for andre
- Sommarjobb i veke 26-33
- Stilling: 75-100%
- Turnus med vakter dag, kveld, natt og helg
- Gode kollegaer med godt humør
- God opplæring med fadderordning
- Eit godt fagmiljø
- Moglegheit for ekstravakter/helgearbeid utover det neste året
Heim til Austrheim
Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.
Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sætremarka 2, 5943 Austrheim
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 391407792
- Sist endret
- 30. jan. 2025 03:24
Mer som dette

