Assistent, fagarbeidar eller miljørettleiar - skuleåret 2025/2026
- Arbeidsgiver
- Ørsta kommune
- Stillingstittel
- Fagarbeidar, miljøarbeidar, miljørettleiar eller assistentar for skuleåret 2025/2026
- Frist
- 02.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
I Ørsta kommune kan det, frå 01.08.25, verte ledige stillingar som assistent, barne- og ungdomsarbeidar, miljøarbeidar eller miljørettleiar i skule og SFO. Det kan vere både faste stillingar, og vikariat for skuleåret 2025/2026. Tilsetting ved barneskular vil medføre arbeid i ferie-SFO..
Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med elevgrupper og enkeltelevar i skule
- Vere ein del av grunnbemanninga på SFO og ferie-SFO
- Gjennomføre aktivitetar, planlagt av, og under rettleiing av pedagog
- Arbeide for eit godt samarbeid med born, tilsette og føresette
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer først og fremst barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev eller miljørettleiar med relevant 3-årig høgare utdanning
- Søkjarar med erfaring frå liknande arbeid vil også kunne vere interessante for stillingane
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11
Personlege eigenskapar
- Du har høg relasjonskompetanse
- Du er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
- Du bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
- Er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksenperson
- Ha eit positivt elevsyn og vektlegge inkludering av born med særskilte behov
- Tek i mot rettleiing og er lojal mot våre rutiner
- Du kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag der elevane si læring og utvikling står i sentrum
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for elevane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar. Vi vil difor så langt som råd legge til rette for at ein blir tilsett i heile stillingar.
Stillingane er plassert i kap. 4 gr.1
Stillingskode 7517 - Barne- og ungdomsarbeidar, 6685 - Miljørettleiar, 6684 - Miljøarbeidar, alternativt 6572 - Assistent
Referansar vert nytta, og søkjarane kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Prøvetid i faste stillingar og årsvikariat er 6 månader.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Pål Einar Brekke, Rådgjevar, 47623418, pal-einar.brekke@orsta.kommune.noKari Flø, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, 47639076, kari.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4906079675
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 02.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalevegen 6, 6153 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 391495269
- Sist endret
- 31. jan. 2025 11:49
Mer som dette
