Lærling ernæringskokkfaget

Arbeidsgiver
Haram kommune
Stillingstittel
Lærling kokkefaget
Frist
01.03.2025
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Har du lyst å vere lærling i ein ny og spennande kommune?
Haram kommune har ledig stilling som lærling i ernæringskokkfaget. Læreplassen er ved kjøkkenet på Eidet Omsorgssenter.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.


I søknaden ber vi deg gi opp følgjande informasjon: referanse frå lærar vg2 + kontaktinfo til lærar, kopi av karakterprotokoll frå vg1, og kopi av karakterprotokoll frå 1.termin – vg2.

Vi ser fram til å motta søknad frå deg!


Arbeidsoppgåver

Ernæringskokken jobbar med produksjon av næringsriktig mat. Du jobber med:

  • behandling av råvarer
  • planlegging av menyar tilpassa sesong, religion, livsstil og behov
  • tilberedning av varierte og næringsriktige måltid til ulike brukarar
  • planlegging og tilberedning av menya for spesialkost
  • mengde-, pris- og næringsberekning av oppskrifter
  • dokumentere opplæringa i olkweb

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått vg1 Restaurant og matfag
  • Fullført og bestått vg2 Kokk-og servitørfaget
  • Evt ha relevant praksis i faget
  • Legge fram politiattest ved tilsetjing
  • Løyve til å bu og arbeide i Noreg

Personlege eigenskapar

  • Interessert i å jobbe med mat og forstå den ernæringsmessige betydninga av maten
  • Kunne lage mat som gir positive opplevingar, til både friske og sjuke
  • Kunne jobbe hygienisk og effektivt ,både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Lærevillig og initiativrik
  • Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kreativitet og estetisk sans

Vi tilbyr

  • Lærekontrakt og arbeidsavtale i tråd med Opplæringslov og Arbeidsmiljølov
  • Opplæring og faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Lønn i tråd med hovudtariffavtale. Ein lærling har ei fagarbeidarlønn fordelt på 2 år
  • Varierte arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande læreplan og arbeidsinstruks
  • Fagleg rettleiing av godkjende faglege leiarar og erfarne instruktørar
  • Oppfølging, kurs og samlingar gjennom opplæringskontora

Kontaktinformasjon

Ingeborg Grønningsæter Valde, Kjøkkensjef, +47 948 14 153, ingeborg.gronningsaeter.valde@haram.kommune.no

Marit Volstad, Dagleg leiar, Fleirfagleg opplæringskontor Sunnmøre og Romsdal, +47 907 97 267, marit.volstad@naaopp.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12

6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4911688790

Stillingsprosent: 100%

Lærling

Startdato: 18.08.2025

Søknadsfrist: 01.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Annet
FINN-kode
391500226
Sist endret
03. feb. 2025 10:18