Maskinist til byggjetilsyn i Tyrkia
- Arbeidsgiver
- Fjord1 - Prosjektavdeling, Fjord1 AS
- Stillingstittel
- Maskinist til byggjetilsyn
- Frist
- 21.02.2025
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Vi søkjer maskinist til engasjement som inspektør i byggetilsyn i Tyrkia.
Vil du vere med på utvikling, realisering og oppstart av nye ferjer? Vi søkjer maskinist til engasjement som byggetilsyn inspektør i Tyrkia.
Fjord1 søkjer etter ein maskinist til eit spennande engasjement som byggjetilsyn inspektør ved Tersan Shipyard i Tyrkia under bygging av ny ferje til sambandet Rysjedalsvika-Krakhella-Rutledal, samt ferjer til andre samband.
I perioden fram til ein etablerar seg på byggjetilsyn deltek inspektørane i prosjektplanlegging og godkjenning av utstyr og teikningar frå hovudkontoret i Florø.
Kvar av ferjene skal ha kapasitet til 60 personbileiningar og 199 passasjerar, og vil bli utrusta med batteri og ladesystem for elektrisk drift på sambanda. Design og teikningar er det LMG Design som står bak.
Fartøya skal leverast frå verft mellom oktober 2026 og januar 2027.
Byggjetilsynet består av ein kombinasjon av eksterne byggjeplassleiar og disiplin-inspektørar, samt maskinist og nautikar frå Fjord1 for å nytte intern kompetanse og ivareta erfaringsoverføring.
Engasjementet følgjer ein turnus med fire veker på verftet i Tyrkia, etterfølgd av ei veke på kontoret i Florø og tre veker avspasering.
Når byggjeprosjektet er ferdigstilt, tilbyr vi fast stilling som maskinist i Fjord1.
Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vere med og forme framtidas ferjer og samtidig bygge vidare på di faglege kompetanse i eit innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø.
Ved mange kvalifiserte søkjera kan det vere aktuelt å ansette fleire i rolla.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp at fartøyet vert bygd i samsvar med kontrakt og spesifikasjon
- Dagleg kommunikasjon med verft
- Kontroll av teikningar og annan dokumentasjon
- Etablering/oppdatering av vedlikehaldsdatabase og styrande dokument
- Inspeksjonar og kvalitetskontroll
- Deltaking under testing, oppstart og prøveturar
- Bidra til erfaringsoverføring til andre prosjekt
Kvalifikasjonar
- Maskinist
- Gode engelskkunnskapar er ønskjeleg
- Evne til å arbeide i team
- Allmenn datakunnskap
- Erfaring frå nybygging vil vere ein fordel, men ikkje noko krav
- Gode ferdigheiter i bruk av selskapet sine vedlikeholds- og og styringssysten
Personlege eigenskapar
- Systematisk
- Ansvarleg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å arbeide i team
- Ønskje om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar
Vi tilbyr
- Attraktive lønnsvilkår
- Rotasjonsordning, 5 veker på 3 veker av
- Kompetansefremjande stilling innan nyskapande og framtidsretta teknologi for ferjer
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Fri bustad på arbeidsstaden
- Moglegheit for deltaking på seglas frå byggeverft til Norge
- Etter endt engasjement i byggetilsyn tilbyr vi fast stilling som maskinist i Fjord1.
Kontaktinformasjon
Svein Arne Torvanger, Teknologi og utviklingsingeniør, 97006382, svein.arne.torvanger@fjord1.noRegine Gausemel, HR rådgjevar, +47 95440058, regine.gausemel@fjord1.no
Arbeidsstad
Fatih, Boğaziçi Cd. No:3077702 Tavşanlı/Altınova
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4895620720
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.02.2025
- Sektor
- Privat
- Sted
- Tyrkia
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Teknisk personell, Annet
- FINN-kode
- 391524103
- Sist endret
- 06. feb. 2025 01:40