Sokneprest i Luster i Sogn prosti med sokna Dale, Fortun, Nes, Gaupne og Jostedal som tenestested

Arbeidsgiver
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Stillingstittel
Sokneprest i Luster i Sogn prosti med sokna Dale, Fortun, Nes Gaupne og Jostedal som tenestested
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Brenn du for kyrkjeleg arbeid i møte med born og unge? Vi har ledig stilling som sokneprest i Sogn prosti med sokna Dale, Fortun, Nes, Gaupne og Jostedal som tenestestad!

Inst i Sognefjorden ligg Luster kommune, med omlag 5100 innbyggjarar. Kommunen er i areal ein av dei største kommunane i Sør-Noreg, der finst tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje og vakker natur med svært gode vilkår for eit rikhaldig friluftsliv alle årstider.

Næringslivet i kommunen er variert, frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Her er godt utbygde desentraliserte tilbod og levande bygder. Les meir om Luster kommune her: Luster kommune

Luster har ein rikhaldig flora av kyrkjebygg, dei åtte sokna har totalt tolv kyrkjebygg, der to er i privat eige (fortidsminne). Dei mest særmerkte kyrkjebygga er Urnes stavkyrkje og Dale kyrkje, som er ei steinkyrkje frå middelalderen.


Stillinga omfattar 5 av dei 7 sokna i Luster kommune, med til saman ca. 2400 medlemer. Sokneråda er godt i gong med å etablere ein forenkla rådsstruktur. Sokna har djupe røter og tradisjonar, samstundes som verksemda er folkekyrkjeleg i form og uttrykk. Det er to sokneprestar i Luster, prestane har tett samarbeid. Det er kontorfellesskap i Gaupne saman med dei andre tilsette. I staben er kyrkjeverje, rådgjevar, kyrkjemusikarstillingar, diakon, trusopplæringsleiar og kyrkjelydspedagog med særleg ansvar i konfirmantarbeidet. Det er tett stabssamarbeid mellom sokna, fleire av stillingane dekkjer heile kommunen. Det er eit godt samarbeid innanfor trusopplæring, diakoni, kyrkjemusikk og gudstenestefeiring. 


Sokneråda er opptekne av ein brei og vidare satsing på arbeidet mellom born og unge, og den forenkla rådsstrukturen er eit viktig ledd i å frigjere ressursar til dette. For kyrkja i Luster står trusopplæring og gudstenestearbeid sentralt. Konfirmantarbeidet og somme av trusopplæringstiltaka har stor oppslutnad i sokna, og eit spennande arbeid med revisjon av trusopplæringsplanen er på trappene. Det er lange tradisjonar for samarbeid med skular og barnehagar. I kommunen ligg Lyngmo ungdomssenter, med leirstad og møtelokale for arrangement av ulike slag. Lyngmo er viktig for heile regionen. Misjons- og lekmannsarbeidet har stått sterkt i Luster, med fire bedehus i dei sokna stillinga utgjer.

Sogn prosti omfattar kommunane Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Prestetenesta i prostiet vert leia av prosten. Med jamne mellomrom samlar prosten dei 12 prestane i prostiet til åndeleg fellesskap, fagleg utvikling og kollegafellesskap.


Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.

Skriftspråket er nynorsk.

Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. 

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. 

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. 


Arbeidsoppgåver

  • forkynning og arbeid med gudstenesteliv og trusopplæring
  • planlegging og utviklingsarbeid i samarbeid med kyrkjeleg tilsette, medlemar i råd og utval, og med frivillige medarbeidar
  • beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja

Kvalifikasjonar

  • cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
  • medlemsskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • evne til å synleggjere kyrkja i lokalsamfunnet
  • evne til å arbeide strukturert og planmessig
  • søker må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP
  • reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
  • arbeidsvegleiing (ABV)
  • tilbod om å bu på Hafslo prestegard, som ligg flott til ved Hafslo kyrkje og Hafslovatnet

Kontaktinformasjon

Kjell Olav Høstaker Nordheim, Prost i Sogn, 48243056

Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidsstad

Rådhusvegen 5

6868 Gaupne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Den norske kirke


Referansenr.: 4892530086

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 5, 6868 Gaupne
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
391533142
Sist endret
03. feb. 2025 07:27