Inaktiv
Vil du vera med oss i tilrettelagte tenester?
- Arbeidsgiver
- Vindafjord kommune Sandeid bufellesskap
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar/barne og ungdomsarbeidar og studentar
- Frist
- 16.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me har no 2 ledige nattevaktstillingar med arbeid kvar fjerde helg i 50-70% fast. Stillinga kan kombinars med studier.
Kva får du jobba med hos oss?
- hos oss for du arbeide med mennesker med psykisk utviklingshemming og nedsett funskjonshemming. Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukaranes behov. Fagarbeidar arbeidar i team med assistentar og miljøterapeutar.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Eigen studentavtale for studentar innan helse og sosialfaglege studier.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne og ungdomsarbeidar.
- Studentar innan helse og sosialfagleg utdanning.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg.
Personlege eigenskapar:
- Evne til samarbeid
- Evne til å ta imot og gje rettleiing
- Evne til refleksjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Positiv innstilling til brukarane og arbeidstaden
- Fleksibilitet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Østbøvegen 9, 5585 Sandeid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 391533504
- Sist endret
- 03. feb. 2025 07:28