Fagbioingeniør blodbank
- Arbeidsgiver
- Medisinsk biokjemi Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Fagbioingeniør blodbank
- Frist
- 23.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du jobbe i eit fagleg sterkt miljø og bidra til ei trygg og effektiv blodbankteneste? Blodbanken i Volda har no ei ledig 100% fast stilling som fagbioingeniør!
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank er den største avdelinga i Klinikk for diagnostikk, med seksjonar ved alle dei fire sjukehusa i føretaket. Medisinsk biokjemi og blodbank i Volda har 16 stillingar og om lag 18 tilsette. Seksjonen omfattar fagområda hematologi/koagulasjon, kjemi, pre-analyse/PNA og blodbank.
Ved endringar i personalgruppa kan det òg bli moglegheit for tilsetjing som bioingeniør i ei vaktgåande rutinestilling, anten fast eller som vikariat. Dersom dette er av interesse, ber vi om at det vert oppgitt i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta fagansvar for Blodbanken i Volda
- Utføre arbeidsoppgåver knytte til fagområdet
- Tileigne seg spesialisert kompetanse innan eige fagfelt
- Vere ressursperson innan sitt fagområde
- Bidra til kompetanseutvikling i seksjonen
- Ta del i daglege rutineoppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Relevant erfaring
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein engasjert kollega som likar å ta ansvar, er initiativrik og løysingsorientert. Vi ønskjer ein kollega som:
- Er motivert for fagleg utvikling og har interesse for transfusjonsmedisin
- Er fleksibel, strukturert og sjølvstendig
- Har gode kommunikasjons- og gjennomføringsevner
- Trivst med å arbeide både åleine og i team
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Joar Ulstein, Seksjonsleiar, 91664595, joar.ulstein@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4901173976
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Ingeniør, Annet
- FINN-kode
- 391942017
- Sist endret
- 03. feb. 2025 11:44