Klar for ein sommar med fart og utfordringar?
- Arbeidsgiver
- Ambulansetenesta Helse Fonna
- Stillingstittel
- Ambulansepersonell
- Frist
- 01.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Vil du bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko? 🚑
I ambulansetenesta i Helse Fonna treng vi ferievikarar i sommar! Frå veke 26 til veke 34 har vi ledige stillingar i 50–100% ved våre 10 ambulansestasjonar i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger.
Her blir du ein del av eit erfarent og fagleg sterkt miljø, der samarbeid og tryggleik står i sentrum. Arbeidskvardagen er variert, krevjande og spanande – du må kunne ta raske og riktige avgjerder, arbeide sjølvstendig og trivast med å køyre utrykking.
👉 Skriv i prioritert rekkjefølgje kva stasjon du ønskjer å jobbe ved
👉 Oppgi eventuelle ønskje om arbeidsperiode dersom du ikkje kan jobbe heile sommaren
👉 Vi behandlar søknadar fortløpande, så søk allereie no!
Arbeidsoppgåver
Behandling og transport av pasientar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og autorisasjon i ambulansefag.
- Autorisasjon Paramedisin
- Utdanning som tilfredstillar minstekrava i forskrift for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus
- Må kunne beherske norsk skriftleg og munnleg
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- trivst med ein aktiv arbeidskvardag og har god fysikk, slik at du kan møte dei praktiske utfordringane i jobben.
- har eit stort engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare.
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å vere ein lagspelar som delar kunnskap og støttar kollegaene dine.
- er punktleg og påliteleg – ein kollega som andre kan stole på.
- jobbar sjølvstendig når det trengst, men trivst også med tett samarbeid i team.
- kommuniserer tydeleg og møter både pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og forståing.
- ser kva som må gjerast, tek initiativ og bidreg aktivt – både ved å gi og ta imot hjelp.
Kvifor velje oss?
🔹 Eit høgt fagleg nivå – Her blir du ein del av eit dyktig fagmiljø der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar.
🔹 Eit engasjert og støttande arbeidsmiljø – Du får kollegaer som brenn for jobben sin, deler kunnskap og heiar på kvarandre. Her finn du eit lag av kompetente og stolte medarbeidarar som veit kor viktig godt samarbeid er.
🔹 Ein jobb med meining – Kvart oppdrag betyr noko. Her får du ei variert og utfordrande arbeidserfaring som både utviklar deg fagleg og gir deg personleg vekst.
Kontaktinformasjon
Lene Hetland, Ass. avdelingsleder Prehospital avdeling, +47 91560352
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4908330441
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 391945911
- Sist endret
- 03. feb. 2025 12:49
Mer som dette


