Inaktiv

2 fagarbeidar/assistentar

Arbeidsgiver
Eidfjord kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistentar
Frist
18.02.2025

Beskrivelse

2 fagarbeidar/assistentar i faste stillingar - Modnen barnehage

Om stillingane:

Vil du jobba i eit miljø prega av glede og humor, der haldningar og verdiar vert jobba
med kontinuerleg? Me ser etter ein positiv, fleksibel, stabil og omsorgsfull person som likar å jobba med born. Du må kunne ha helse som gjer det mogleg å vera ein aktiv vaksen i samspel med borna inne og ute. Erfaring og fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav.

Arbeidsoppgåver: 

  • Ansvar for både grupper med og enkeltborn
  • Organisera og gjennomføra aktivitetar med born
  • Rettleia og hjelpa born i leik, læring og aktivitet
  • Bidra til at rammeplanen og barnehagelova vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet

Ynskte kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar 
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg formuleringsevne bestått frå UDIR
  • Erfaring frå barnehage er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel, kunne jobba strukturert og løysingsorientert 
  • Ha evne til å skapa gode relasjonar med barn, føresette og kollegaar
  • Inneha gode samarbeidsevne og trivast med å jobba i team 
  • Vera utviklingsorientert og har eit fagleg fokus 
  • Ha god helse, vera fysisk aktiv og forstå verdien av å vera ute i all slags vær 
  • Bidra med ei positiv innstilling, både for borna og arbeidsmiljøet 
  • Menn oppfordrast til å søkja 

Me tilbyr

  • Fagleg engasjerte kollegaar i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle 
  • Ei personalgruppe prega av humor og omsorg for kvarandre 
  • Eit fagmiljø med fokus på tidleg innsats og sosial kompetanse 
  • Løn etter kommunalt avtale og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 
  • Gode vilkår for kompetanseheving

Tilsetjingsvilkår:

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Arbeidsspråket er nynorsk.

Spørsmål?

For meir informasjon om stillingane kontakt:
Styrar,  Grete Næss, tlf. 990 34 547
Assisterande styrar, Silje Aurdal Riber, tlf. 482 39 443



For mer informasjon og  søke på stillingen, klikk på “Søk på stilling” knappen på høyre side.



Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
391955368
Sist endret
03. feb. 2025 11:10