![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/1/vertical-0/29/3/391/217/663_0ddbcc89-7951-441d-bbc1-623d921aa339.png)
Miljøterapeut
- Arbeidsgiver
- Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Frist
- 24.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
I Åsavegen har vi ledig 100 % fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar frå 1.5.2025.
Vi har ein tilsett som går av med pensjon, og søker difor etter ein vernepleiar/sjukepleiar med engasjement for brukargruppa, som trivast med å vere ute, har erfaring med handtering av utfordrande åtferd og som ser moglegheiter og ikkje begrensningar.
Visjonen for helse og velferd er "saman blir vi sterkare". I miljøarbeidertenesta arbeider vi tverrfagleg for å gje gode tenester til over 60 brukara med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har ca 70 årsverk i tenesta, dette er vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar.
Overordna mål for tenesta er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Dette stiller krav til relasjonskompetanse, eignaheit og individuelt tilpassa tenesteyting i tråd med lovverk, nasjonale og lokale føringar. Du vil arbeide brukarnært med mellom anna utarbeiding av mål- og tiltaksbeskrivingar, miljøarbeid, psykisk og somatisk helseoppfølging og støttesamtalar.
Vi er på utkikk etter deg som har engasjement for brukargruppa og kan bidra til at brukarane får eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide saman for at brukarane for gode dagar
- Utføre helse -og omsorgstenester ut frå vedtak, opplæring og kompetanse
- Samarbeide med eksterne -og interne instansar, og pårørande
- Målretta miljøterapi
- Planlegge, gjennomføre og evaluere miljøterapeutiske tiltak
- Journalføring
- Utføre praktisk bistand etter vedtak
- Opplæringsansvar for kollegaer og studentar
Kvalifikasjonar
- 3 årig helse og sosialfagleg utdanning, eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid med menneske medutviklingshemming og handtering av utfordrande åtferd
- Kjennskap til helse og omsorgstenestelova, kapittel 9
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa.
- Du må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
- Du har godt humør, pågangsmot, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar.
- Du er ein pådrivar for å skape ei god teneste og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du må meistre utagerande åtferd og handtere konfliktar på ein profesjonell måte.
- Du er ein initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
- Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
- Du er trygg og arbeider målretta.
Personleg eignaheit vil bli vektlagd i stor grad.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- Langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på 6 månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, +47 930 18 186Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4911592671
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2025
Søknadsfrist: 24.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
- FINN-kode
- 391973656
- Sist endret
- 04. feb. 2025 07:05
Mer som dette
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/1/vertical-0/29/3/391/217/663_0ddbcc89-7951-441d-bbc1-623d921aa339.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/1/vertical-0/21/2/390/038/232_cc5d3bbf-215e-4ada-8a13-c0fe46500b41.png)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/10/9/393/027/929_ec64f35a-90f2-40f3-8fb8-907f888bad83.jpg)