Inaktiv

Avdelingsleiar ved Stryn omsorgssenter

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar Stryn omsorgssenter
Frist
18.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst å vere avdelingsleiar ved Stryn omsorgssenter?

Vi har ledig fast stilling som avdelingsleiar ved avdeling Kvisten. Vi ser etter deg som enten har leiarerfaring frå tidlegare, eller deg som har lyst til å ta steget og prøve deg som leiar for første gong.

Kvisten er ei avdeling med 20 omsorgsbustadar med heildøgnspleie. Som leiar har du ansvar for fag, personale og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga. Hausten 2025 skal kommunen i gang med omstillingsprosjektet TØRN, og vi ser difor etter ein leiar som er nyskapande og engasjert, og som har evne til omstilling og interessert i å vere med på å utvikle tenesta.
Kvardagen som leiar på Kvisten kan vere hektisk, og du vil bli gitt stor grad av tillit. Det er difor viktig at du er sjølvstendig, evnar å prioritere oppgåver og det er avgjerande at du kan planlegge din eigen arbeidsdag. Du vil jobbe tett på dei tilsette ved avdelinga og ditt kontor vil vere i avdelinga med pasientane rundt. Ved Stryn omsorgssenter set vi pris på leiarar som tenker utvikling, er gode til å sjå løysingar og som leiar med både hovud og hjerte.
 
Som avdelingsleiar på Kvisten blir du ein del av eit leiarteam ved omsorgssenteret, og vi ønsker at våre leiarar skal ha et godt samarbeid og bidra på tvers. Det blir vektlagt god evne til samarbeid. Du vil også ha tett samarbeid med tilsette i administrasjonen og samarbeidande yrkesgrupper som fysioterapeut og ergoterapeut. Vi har dyktige leiarar og du vil inngå i eit kompetent leiarteam.

Avdelingsleiar er med i leiarteamet for pleie- og omsorgstenestene i område Stryn, næraste overordna er einingsleiar for Eining pleie-og omsorgstenester, område Stryn.


Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for tenestetilbodet i avdelinga
  • Dagleg leiing og organisering av personalressursar i avdelinga
  • Oppfølging av avdelinga sin internkontroll
  • Medvirke til utvikling av avdelinga og tenestene

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg høgskuleutdanning
  • Det er ein fordel med leiarutdanning og leiarerfaring
  • Relevant arbeidserfaring innan fagområdet
  • Gode faglege og digitale ferdigheter

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit vert vektlagt
  • Evne til god kommunikasjon
  • Samarbeidsevne
  • Evne til leiing og fleksibilitet

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Varierande arbeid i positivt miljø
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Kristine Flo, Einingsleiar, 99538495

Arbeidsstad

Myrane 18

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune


Referansenr.: 4914091141

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Myrane 18, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
391975901
Sist endret
04. feb. 2025 06:53