
Kyrkjetenar i Florø kyrkje
- Arbeidsgiver
- Kinn Kyrkjeleg Fellesråd - Florø
- Stillingstittel
- Kirketjener
- Frist
- 28.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du glad i å arbeide, fleksibel og løysingsorientert? Hjå oss kan du utføre ei viktig samfunnsoppgåve.
Kinn kyrkjelege fellesråd har ledig ei fast stilling som kyrkjetenar i 50 prosent. Oppstart snarast.
Florø kyrkje er ei stor langkyrkje i tømmer frå 1882. Dette er den kyrkja med mest aktivitet i kommunen, og den klart største. Her er 60 forordna gudstenester per år i Florø kyrkje. Det er mange gravferder i denne kyrkja.
Oppgåver som naturleg ligg til stillinga:
-
Klargjere og rydde opp kyrkja i høve med gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre kulturarrangement
-
Reinhald
-
Vere med ved gudstenester og kyrkjelege handlingar
-
Bruk av kyrkjeklokkene
-
Enklare vaktmeisteroppgåver
-
Andre oppgåver som vert delegert frå kyrkjeverja
Lurer du på kva ein kyrkjetenar er og kva han gjer? Vi har laga eit oversyn over dei oppgåvene kyrkjetenaren gjer.
Dette ser vi etter
-
Kan arbeide sjølvstendig
-
Fleksibel og løysingsorientert
-
Gode samarbeidsevner
-
Evne til å møte folk i ulike livsfasar på ein god måte
-
Må kunne gjere seg forstått på skandinavisk
-
Evne til å prioritere det viktige
-
Kjennskap til lokalsamfunnet vil vere nyttig
Det må reknast med arbeid på sundagar og heilagdagar. På grunn av konsertar, vil det verte noko arbeid på kveldstid. Vi gjev grundig opplæring og høve for hospitering for å sjå om det er ein interessant jobb.
Vi vil leggje avgjerande vekt på at søkjar er eigna til stillinga. Løn etter kyrkjeleg tariff. Pensjonsordning i KLP. Søkjarlista er offentleg. Det er ein føresetnad at den som får stillinga er medlem i Den norske kyrkja.
Dersom du har spørsmål til stillinga, kontakt kyrkjeverja i Kinn, Dag Henrik Nygård. Kontor 481 00 481 -- mobil 466 455 75 -- privat 577 41 716. Har du spørsmål knytt til korleis det er å vere kyrkjetenar, kontakt tidlegare kyrkjetenar Solveig Færøy Skavøy, mobil 415 54 885. Send søknad til kyrkja@kinn.kommune.no, eller lever på kyrkjekontoret i Florø, Markegata 28.
Søknadsfrist 28. februar 2025.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Florø kyrkje, 6905 Florø
- Stillingsfunksjon
- Annet
- FINN-kode
- 391989875
- Sist endret
- 03. feb. 2025 02:42
Mer som dette



