Inaktiv

Barneavlastninga har ledig eit vikariat i 40% stilling

Arbeidsgiver
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Helgestilling i bu- og miljøtenesta, barneavlastning
Frist
17.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du interessert i å arbeide med barn? Er du under utdanning eller på utkikk etter nye utfordringar ? Sjå her! 

Barneavlastninga i Stad kommune har ledig eit vikariat i 40% stilling. Vikariatet et ledig frå snarast mogleg og varer til 15.desember 2025. 
Stillinga har 20% frie timar inkludert.

Arbeidstid er seinvakt, langvakter og nattevakter. Arbeidshelg kvar 4. helg med 12,5-timers langvakter. Eininga har årsturnus.

Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet. 


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling 
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinje

Kvalifikasjonar

  • Studentar innan helsefagarbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget 
  • Studentar innan helsefag, sosialfag eller pedagogikk på høgskulenivå blir oppfordra til å søke
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring
  • Ufaglært med gode personlege eigenskapar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Om du har spørsmål om stillinga ta kontakt med avdelingsleiar Stine Takle Piel på telefon  41 45 78 01.

Kontaktinformasjon

Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, stine.takle.piel@stad.kommune.no

Arbeidsstad



6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 4913559658

Stillingsprosent: 40%

Vikar

Søknadsfrist: 17.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
391996125
Sist endret
04. feb. 2025 07:16