Lærar i grunnskulen

Arbeidsgiver
Herøy kommune, kultur og oppvekst
Stillingstittel
Lærar i grunnskulen
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein engasjert pedagog som vil bygge inkluderande elevmiljø? Då ønsker vi deg med på laget som lærar i Herøyskulen!

Grunnskulane har behov for nye lærarar frå 1. august 2025, både i faste stillingar og vikariat. Det kan verte behov for kontaktlærarar.

Vi driv eit aktivt og profesjonsfagleg utviklingsarbeid i skulane våre. Vi jobbar spesielt med å auke elevane sine ferdigheiter i lesing. Det gjer vi i tett samarbeid med barnehagane og deira arbeid med språk. I tillegg legg vi spesielt vekt på livsmeistring, inkluderande elevmiljø og tverrfagleg samhandling. Lokal strategiplan for Herøyskulen 2023–2028 ligg til grunn for arbeidet vårt.

Herøy kommune har per i dag fem reine barneskular (Bergsøy, Einedalen, Leikanger, Moltu, Nerlandsøy), ein rein ungdomsskule (Ytre Herøy ungdomsskule) og ein skule med 1.–10. trinn (Stokksund). Våren 2025 skal kommunestyret avgjere korleis skulestrukturen skal vere framover, dette kan påverke organisering og arbeidsstad. Som lærar hos oss vil du få høve til å forme framtida til våre barn og unge. Du blir ein del av eit støttande arbeidsmiljø der fagleg utvikling er høgt prioritert. Vi ser fram til søknaden din!


Arbeidsoppgåver

  • formidle og legge til rette for læring i trygge læringsmiljø
  • bygge relasjonar til elevar og føresette
  • samhandle og lære ilag med kollegaer
  • samarbeide med heimane
  • arbeide i tråd med den nye opplæringslova, læreplanar i fag og overordna del av læraplanane

Kvalifikasjonar

  • godkjent lærarutdanning ved høgskule eller universitet (60 studiepoeng i pedagogikk og minst 180 studiepoeng i relevante undervisningsfag)
  • ønskeleg: kompetanse i fleire undervisningsfag, i tråd med dei nasjonale kompetansekrava for undervisning
  • fagleg dyktigheit både i undervisningsfag og i digitale verktøy
  • god på relasjonsbygging og klasseleiing
  • gjerne kompetanse i programmering og koding, og i basisfaga norsk, engelsk og/eller matematikk
  • spesialpedagogikk eller psykisk helsepedagogikk

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • Du kan vise til gode eigenskapar for samarbeid og samhandling, og ser verdien av det.
  • Du har evne til å arbeide tverrfagleg.
  • Du er oppteken av å skape trivsel og eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er kreativ og utviklingsorientert.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen og ansiennitet.

Vi tilbyr

  • fagleg utvikling i profesjonsfellesskapet
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • god oppfølging av nye tilsette
  • oppdaterte digitale verktøy til alle elevar og tilsette
  • god pensjonsordning gjennom KLP

Vi tilset etter etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan bli offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, +47 97542422

Arbeidsstad

Lisjebøvegen 14

6091 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune


Referansenr.: 4913504639

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Startdato: 01.08.2025

Sluttdato: 31.07.2026

Søknadsfrist: 03.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Lisjebøvegen 14, 6091 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
392024030
Sist endret
04. feb. 2025 07:23