Lærling i helsearbeidarfaget
- Arbeidsgiver
- Forsknings- og utviklingsavdelingen / FoU, Seksjon for Kompetanseutvikling / Utd
- Stillingstittel
- Lærling i helsearbeidarfaget, Haukeland universitetssjukehus
- Frist
- 01.03.2025
- Ansettelsesform
- Lærling
Beskrivelse
Pasientar og pårørande skal bli møtt med respekt, tryggleik og kvalitet. Helse Bergen søker frå hausten 2025 motiverte lærlingar i helsearbeidarfaget.
Vi har lang tradisjon og god erfaring med opplæring og utdanning av helsepersonell i sjukehuset.
Det er mange grunnar til å velje læreplass i Helse Bergen: Du får arbeide i eit spennande miljø med mange læringsmoglegheiter der du blir godt ivaretatt. Våre dyktige instruktørar gir deg individuell oppfølging. Du blir ein del av eit aktivt og kompetent fagmiljø. Kvar dag er unik!
Som lærling skal du arbeide ved ulike sengepostar og ev. poliklinikk ved Haukeland universitetssjukehus. Du er ein viktig del av teamet rundt pasienten.
Vedlegg til søknad: legg ved vitnemål, utskrift av karakterar siste halvår, vurdering frå YFF, relevante attestar og namn og telefonnr. til to referansar (arbeidgjevar, lærar, rettleiar i praksis).
Vi har samarbeidsavtale med ein del kommunar. Det kan bli aktuelt at ein periode av læretida blir gjennomført i kommunehelsetenesta.
Det er også lyst ut stillingar ved Voss sjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk observasjon og vurdering av endra tilstand hos pasientane
- Pasientomsorg- og pleie
- Tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald i sjukehuset
- Opplæring i prosedyrar og oppgåver knytta til pasientar
- Oppgåver tilpassa kompetansemåla i læreplanen
- Ivareta pårørande
Kvalifikasjonar
- Bestått VGI Helse- og oppvekstfag
- Bestått VGII Helsefagarbeidar
- Meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
- Alle attestar, vitnemål og karakterar, skal leggast ved søknaden. Søkjarar som avsluttar skolegang i 2025 sender ved siste karaktervurdering. Vedlegga må leggast ved som word-fil eller pdf. Sørg for at vedlegga er lesbare
Personlege eigenskapar
- Du er imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Du er motivert og tar imot rettleiing for fagleg og personleg utvikling
- Du samarbeider godt med andre og har gode kommunikasjonsevner
- Du er pliktoppfyllande i arbeidet ditt
- Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø og toler høgt arbeidstempo
Vi tilbyr
- Arbeidstid: Turnus, to (dag- og kveldsvakter) - eller tre delt (dag, kvelds- og nattevakter) og kvar 3.helg
- Løn etter tariff for lærlingar
- Eit spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver, fagleg og personleg oppfølging
- Ein strukturert plan for å oppnå kompetansemåla i læreplanen
- Eigne fagdagar for lærlingar
- Rettigheitar og plikter som andre tilsette i sjukehuset
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Moglegheiter for vidare arbeid som helsefagarbeidar i sjukehuset
- Bedriftsidrettslag med godt og variert tilbod
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Merete Hefte, Adm. og fagleg leiar / Rådgjevar, +47 99746231Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4914704385
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 14.08.2025
Sluttdato: 27.07.2027
Søknadsfrist: 01.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 13
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 392131643
- Sist endret
- 05. feb. 2025 07:21
Mer som dette
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/logo/result/1604029397/iad_4720398776931645387helse-fonna-logo-word.png)