Sommarjobb i pleie og omsorg

Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Stillingstittel
Sommarjobb i pleie og omsorg
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Om stillinga

Vil du vera sommarvikar hos oss i sommar?

Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, helsefagleg student eller pleiemedarbeidar, og på jakt etter sommarjobb i pleie og omsorg? 
Likar du å arbeide med menneske og vil ha ein sommarjobb som betyr mykje for andre? Då har me jobben for deg!   

Me treng sommarvikarar i perioden 16. juni - 10. august 2025.                                     

Du får ein meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og nyttig arbeidserfaring. Du vil samarbeida med og læra mykje av erfarne og dyktige kollegaer. 

Sommarvikarane våre får felles informasjon før tiltreding. Det vert fysiske kurs i forflytning, digitale kurs via KS-læring og individuell opplæring på arbeidsstaden.

Send oss nokre ord om deg sjølv og skriv i søknaden prioritert rekkefylgje kva type teneste og avdeling du ynskjer sommarjobb i. Du må også skriva kva tidsrom du kan arbeida i og kor stor stilling du ynskjer.

NB! Me prioriterer etter kvalifikasjonar og dei som vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir.

Me oppfordrar studentar, elevar og dei med erfaring frå pleie og omsorg til å søkja. 

Me treng sommarvikarar på følgande stader:

  • Samnangerheimen
  • Heimetenesta
  • Skottabakken

Arbeidsoppgåver
  • Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar på Samnangerheimen, i Heimetenesta og på Skottabakken
  • Ta del i daglege gjeremål
  • Utføra delegerte oppgåver

Kvalifikasjonar

Krav

  • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
  • Vernepleiar/vernepleiarstudent
  • Helsefagarbeidar/student/elev
  • Pleiemedarbeidar

Personlege eigenskapar
  • Pasientorientert og serviceinnstilt 
  • Praktisk og fleksibel 
  • Sjølvstendig og stå-på-vilje 
  • God på kommunikasjon 
  • Er ivrig og lærevillig 
  • Likar utfordringar i arbeidet
  • Møte andre menneske på ein respektfull og open måte
  • Må ha gyldig politiattest

Me tilbyr
  • Ein meiningsfull sommarjobb
  • Verdifull og nyttig arbeidserfaring
  • Stillingsbrøk frå ca 70 - 100 % i perioden
  • Tenestebevis for arbeidet
  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Tyssevegen 97, 5650 Tysse
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
392151750
Sist endret
05. feb. 2025 07:29