Vågå kommune har behov for fleire dyktige reinhaldar til vår reinhaldsgruppe
- Arbeidsgiver
- Vågå Kommune Vaktmestere/renholdere
- Stillingstittel
- Renholder
- Frist
- 20.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Reinhaldsgruppa i Vågå kommune har ansvar for reinhald ved kommunale bygg og er underlagt eigedomsavdelinga ved teknisk sektor. Gruppa har eit tett samarbeid med driftspersonalet elles. Det er i dag 18 fast tilsette i reinhaldsgruppa. Reinhaldet er seinare tid digitalisert gjennom reinhaldsmodulen i IK Bygg.
Dei vi ser etter må ha gode samarbeidsevner og vere personleg eigna for stillinga.
Det blir kravd at den som blir tilsett er løysingsorientert, offensiv og inkluderande i sitt arbeid, både i høve til kollega, pårørande/ føresette og brukarar/ elevar/ pasientar.
Arbeidsoppgåver:
· Relevant fagbrev er ynskjeleg men ikkje noko krav
· Søkjarar må beherske norsk skriftleg og munnleg godt
· Godkjent politiattest
Det er ønskjeleg at du:
· Ser moglegheiter og finn løysingar i samspel med de andre
· Sikrar leveransar med god kvalitet
· Oppnår resultat gjennom lagspel, planlegging og utføring
· Personlig eignaheit blir vektlagt
Vi tilbyr:
· Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
· Gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter
· Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
· Lønn etter avtale
· God pensjonsordning gjennom KLP
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Oppstart etter avtale. Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte leiar for reinhaldsgruppa Tea Myrum på tlf. 904 01 350.
Søknadsfrist: 20.02.25
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Edv.Stormsveg 2, 2680 Vågå
- Stillingsfunksjon
- Renhold, Annet
- FINN-kode
- 392204494
- Sist endret
- 05. feb. 2025 05:01