ID 2283 Ergoterapeut - Eining for aktivitet og re-/habilitering

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Ergoterapeut
Frist
25.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik.

Eining for aktivitet og rehabilitering er ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar. Vår visjon er at fleire er aktive og sjølvstendige i eige liv. I stillinga er arbeidet retta mot vaksne og eldre i Stord kommune med behov for tilrettelegging av bustad/omgjevnader, ADL- og funksjonstrening, hjelpemiddelformidling mm. Tenester vert gitt individuelt, men også i grupper. Ergoterapeut er koordinator i enkeltsaker.

Stord kommune har ledig fast 40% stilling som ergoterapeut frå 01.03.25.

Personlege eigenskapar vert vektlagt. Du må kunne jobbe sjølvstendig, ha god arbeidskapasitet og arbeidsglede. Erfaring frå arbeid i kommune vil verta vektlagt. Ergoterapeuten skal bidra i eit tverrfagleg, samordna og samhandlande tenestetilbod. Me ynskjer ein kollega som er fleksibel, løysningsorientert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne. Relevant vidareutdaning vert også vektlagt.

Me kan tilby varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø. Me ser etter deg som ser magien i møte med menneskjer og som ynskjer å gjere ein forskjell.

Stord kommune jobbar kontinuerleg med å utvikle og forbetre sine tenester. I Heimebaserte tenester jobbar ein no med å sjå på mogleiken for å styrka sjukepleie og meistringsteamet med ein ergoterapeut.

Me ynskjer deg som har:

  • Erfaring frå kommunale ergoterapitenester og hjelpemiddelformidling

  • Erfaring med rehabilitering og førebygging

  • Rettleiingskompetanse

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert Ergoterapeut

  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

  • Førarkort klasse B

  • Det må og leggast fram godkjent politiattest av nyare dato

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

For nærare opplysningar ta kontakt med:

Konstituert avdelingsleiar Tonje Hovland, tlf: 48 18 98 21 eller konstituert einingsleiar Bente Bjelland, tlf: 41 18 19 01

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
392227668
Sist endret
05. feb. 2025 01:57