SFO-leiar 100 %
- Arbeidsgiver
- Austevoll kommune
- Stillingstittel
- SFO-leiar 100 %
- Frist
- 20.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert midt på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune.
Om stillinga
Storebø skule har ein 100% ledig stilling som SFO-leiar.
På Storebø skule sin SFO er det vel 150 barn. Personale utgjer ca. 15 vaksne i ulike stillingsstorleikar. Skulefritidsleiar har det pedagogiske, personalmessige og administrative ansvaret for skulefritidsordninga. Som SFO-leiar er du en del av skulen sitt leiarteam.
Me søker ein leiar som er ein god relasjonsbyggar, og som trivast i ein hektisk kvardag saman med elevar, føresette og personale.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiing og personalansvar for tilsette i SFO, kompetanseheving og oppfølging av sjukefråvær.
- Administrativt arbeid som økonomiansvar for SFO.
- Fagleg ansvar, sikre at SFO tilbodet er i tråd med opplæringslova, føresegn, kommunale vedtekter og skulen sine planar.
- Arbeide tett i leiargruppa ved skulen og bidra inn i elevanes læringsmiljø og utvikle eit aktiv SFO miljø i forhold til rammeplan for SFO.
- Leie personalmøte, planleggingsdagar og delta på foreldremøte ved behov.
- Dagleg drift av SFO, kven og når elevane er til stades, vaktlister, bemanningsplan og innhenting av vikarar.
- Aktivitetsansvar for SFO, lage gode årsplanar, vekeplanar og integrere skulen sine mål og planar inn i SFO.
- Sørge for god, dagleg kommunikasjon med føresette.
- Dagleg oppfølgingsansvar med dei tilsette i SFO.
- Delta i arbeidet med borna, vera SFO sitt ansikt utad.
- 37,5 time arbeidsveke.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Pedagogisk utdanning på høgskulenivå, anna utdanning kan bli vurdert.
- Leiarerfaring er ønskeleg.
- Kjennskap til økonomistyring, rekneskap og budsjettarbeid.
- IKT-erfaring til å nytta kommunen sitt IKT-verktøy som arbeidsreiskap til daglege gjeremål.
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og trygg leiar med evne til dialog og samhandling med elevar, føresette og tilsette.
- Opptatt av barn sin utvikling og oppvekstvilkår.
- Evne til å arbeide strukturert og systematisk og ha god arbeidskapasitet.
- Er løysing, utvikling og handlingsorientert.
- Er serviceorientert ovenfor føresette og sikrar god informasjonsflyt.
- Personlege eigenskaper vektleggast.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø.
- Spanande utfordringar.
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Slik søkjer du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 392228601
- Sist endret
- 05. feb. 2025 11:35
Mer som dette
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/1/vertical-0/16/3/389/208/103_83c7160f-260d-457e-b12a-b3776018e441.jpg)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/1/vertical-0/30/2/391/356/912_47b07d8b-95c8-488d-b8b0-6ba8125602e5.png)