Sunnhordland museum søkjer museumsvertar for sommaren 2025

Arbeidsgiver
Sunnhordland Museum
Stillingstittel
Museumsvert
Frist
17.03.2025

Beskrivelse

Sunnhordland museum søkjer etter seg som har lyst på ein spennande jobb på museum i sommar. Me treng museumsvertar og skjøtselarbeidarar på Sunnhordlandstunet på Stord, og på Halsnøy kloster i Kvinnherad.




Hva vi ser etter

Vi søkjer etter deg som er motivert, brenn for formidling, er allsidig og glad i å møta menneske. Du er helst over 18 år, snakkar engelsk, og gjerne tysk. Du er gjerne i gang med relevant utdanning og du likar å kommunisera med menneske.




Arbeidsoppgaver

Sunnhordlandstunet på Leirvik

Sunnhordlandstunet er eit museumstun med kulturhistoriske bygningar frå heile Sunnhordland som ligg på Leirvik/ Stord. Tunet er ope 6 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Her tilbyr vi guida omvisningar på tunet og i utstillingar, escaperoom og familieaktivitetar gjennom heile sommaren.

Halsnøy Kloster i Kvinnherad

Halsnøy Kloster ligg i Kvinnherad og er ope 6 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Her er det guida omvisingar på tunet, utstillingar, familieaktivitetar og arrangement gjennom sommaren.


For sommarsesongen 2025 søkjer vi etter:

Museumsvertar til Sunnhordlandstunet og Halsnøy Kloster.

Som museumsvert tilbyr vi ein variert arbeidsdag med oppgåver som inneber mottak og guiding av besøkande, spelvert i escaperommet (gjeld Sunnhordlandstunet), drift av kafé og butikk, daglege driftsoppgåver, reinhald og førefallande arbeid.

Skjøtselsmedarbeidar til Sunnhordlandstunet og Halsnøy kloster

Som skjøtselsmedarbeidar får du oppgåver i hageanlegget og førefallande driftsoppgåver som maling, rydding, vasking m.m.

Vi søkjer deg som er positiv, sjølvgåande, tek ansvar og har erfaring frå tilsvarande arbeid. Stillinga kan kombinerast med arbeid som guide/museumsmedarbeidar.

Høyrest dette spennande ut?

Send oss ein søknad og CV til post@sunnhordland.museum.no innan 17.03.2025

Det må gå fram av søknaden kva stilling du søkjer på, om det er aktuelt å kombinere stillingar, og om det er periodar i løpet av sommaren du ikkje kan arbeide.


For spørsmål om stillingane ta kontakt:

Sunnhordlandstunet: Hege Larssen, tlf: 995 66 441, hege.larssen@sunnhordland.museum.no

Halsnøy kloster: Helen Petersen tlf: 481 30 020, hkl@sunnhordland.museum.no


#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest





Vi tilbyr

Varierte oppgaver med spennende kulturprosjekter, museumsbutikk, cafe, publikumshåndtering, enkel formidling, mulighet for ekstra enkelt vedlikeholdsarbeid.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Museumsbakken 16, 5417 Stord
Stillingsfunksjon
Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
392265742
Sist endret
07. feb. 2025 02:11