Kyrkjelydspedagog

Arbeidsgiver
Sula sokn
Stillingstittel
Kyrkjelydspedagog
Frist
26.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

VIL DU VERE MED PÅ LAGET?

Sula kyrkjelyd søkjer no etter ein aktiv medspelar på laget. I staben har vi for tida: sokneprest, kapellan, kantor, kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, konsulent, kyrkjetenar og kyrkjeverje. Sula sokn har gudstenester og barne- og ungdomsarbeid som satsingsområde. Sula sokn er med i trusopplærings-arbeidet i Nordre Sunnmøre prosti, og har sett “størst i Guds rike - med Jesus som ven” som tema for denne satsinga for barn og ungdom.

Trusopplæringa i Sula er delt inn i tre hovud fasar: 0-3 år, 3-12 år og 12-18 år. Kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, prestane og kantor samarbeider om gjennomføringa av dei ulike tiltaka, men kvar fase har ein hovudansvarleg.

Sula kommune er ei kommune i vekst og ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser. Her er vakker natur og av den grunn rikt høve til friluftsliv. I kommunen er det 4 kommunale og 5 private barnehagar, 3 barneskuler og ein ungdomsskule.

I Sula sokn lysast no ut ei fast 80 % stilling som kyrkjelydspedagog. Oppstart snarast. Den som vert tilsett vil arbeide i team med dei andre undervisningsstillingane, og arbeidsfordelinga vert sett opp i lag med dei.


Arbeidsoppgaver

  • Planlegge, leie og utvikle trusopplæringstiltak i høve vedtatt trusopplæringsplan
  • Koordinering, administrasjon og deltaking i konfirmantundervisning i samråd med staben elles, og under leiing av kateket.
  • Rekruttere og administrere frivillige medarbeidarar til trusopplæringsarbeidet.
  • Administrative oppgåver vil kunne bli pålagt stillinga.
  • Ein må rekne med noko kvelds- og helge-jobbing.

Kvalifikasjoner

  • Søkarar som har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller annan relevant utdanning.
  • Ønskeleg med kristendom fagleg kompetanse og erfaring frå barne- og ungdomsarbeid/trusopplæringsarbeid i kyrkjelyd.
  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.
  • Interesse og erfaring frå bruk av sosiale media og andre kommunikasjonskanalar.
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg.

Personlige egenskaper

  • Erfaring frå undervisning og/eller kristent barne- og ungdomsarbeid
  • Engasjert for arbeid med undervisning og trusformidling til born og ungdom
  • Gode evner til samarbeid, planlegging, og arbeide sjølvstendig
  • Gode evner til formidling, kommunikasjon, og relasjonsbygging
  • Evne til å ta initiativ, vere kreativ, raus og inkluderande
  • Personleg eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer i tverrfagleg stab
  • Varierte arbeidsoppgåver i trivelege omgjevnader
  • Spanande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter gjeldande tariff i Den norske kyrkja (sjå www.ka.no)

 

Adresse arbeidssted:
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Opplysningar om stillinga kan ein få ved Sula kyrkjekontor tlf. 70 19 96 00.
Informasjon om Sula kyrkjelyd og stillinga er også tilgjengeleg på heimesida vår: kyrkja.no/sula

Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Det vert kravd framlagt politiattest ved tilsetting.

Søknadsfrist: onsdag 26. februar 2025
Startdato: snarast.

Kontaktinformasjon

Jan Erik Hovland, Kyrkjeverje, 957 12 292

Geir Harald Eikrem, Kyrkjelydspedagog, 957 12 296

Arbeidssted

Sloghaugvegen 13

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sula sokn


Referansenr.: 4918454533

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 26.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
392372501
Sist endret
06. feb. 2025 08:21