Ingeniørgeolog
- Arbeidsgiver
- Møre og Romsdal fylkeskommune
- Stillingstittel
- Ingeniørgeolog
- Frist
- 17.02.2025
Beskrivelse
Vil du ha ein geofagleg utfordrande jobb, med mykje fridom i eigen arbeidskvardag? Vil du jobbe for at folk kvar dag kjem seg trygt fram til skule, barnehage, jobb, fritid og familie? Fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ledig to faste stillingar på geofag. Avdelinga har frå før ein ingeniørgeolog og ein geoteknikar. I denne annonsa søker vi etter ein ingeniørgeolog.
Møre og Romsdal fylkeskommune driftar over 3000 kilometer med fylkesveg, inkludert bruer, tunnelar, kulvertar, overbygg, ferjekaier, skredsikringar og støttekonstruksjonar. Vegnettet har dei fleste variasjonar av grunnforhold, skråningar, skjeringar, skred- og flaumproblem.
Som ingeniørgeolog får du stor grad av fridom til å sjølv legge opp din eigen balanse mellom felt- og kontorarbeid.
Du tar del i eit viktig samfunnsoppdrag og du kan vere midt i hendingane når det står på med vêr og skred, eller nyte ein fleksibel arbeidsplass i rolegare periodar. Gjennom planleggings- og prosjekteringsarbeid får du vere med på å utforme framtidas vegar, tunnelar, bruer og ferjekaier i Møre og Romsdal.
Deltaking i fleire nettverk med andre fylkeskommunar og statlege etatar gjev moglegheit for god fagleg utvikling. Mange av utfordringane på fylkesvegane er ikkje standardproblem etter læreboka, og du får derfor bryne deg på varierte utfordringar kor ein må tenke nytt, smart og kreativt, gjerne med bruk av ny teknologi.
Stillinga er på teamet tunnel, geofag og elektro, under seksjon for vegdrift. Seksjonen sørger for dagleg drift og vedlikehald av fylkesvegane, og har samtidig ansvar for asfalt, tunnelar, beredskap og geologi/geoteknikk. Avdelinga tar også hand om styrings- og strategioppgåver. Stillinga vil og kunne ha enkelte oppgåver under andre seksjonar, eksempelvis vegprosjektseksjonen.
Innan samferdselsområdet har fylkesvegavdelinga kontorlokasjonar i Molde, Ålesund og Kristiansund og du kan velje kor du vil ha kontorstad.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver:
• Stabilitets- og skredvurderingar (berg, lausmassar og snø).
• Ingeniørgeologisk inspeksjon av tunnelar og skjeringar , både manuelt og gjennom ny teknologi (eks. drone, LiDAR).
• Rådgivning i forbindelse med skredfare eller akutte naturfarehendingar på vegnettet.
• Ingeniørgeologisk prosjektering, rådgjeving, kontroll og oppfølging i planleggings-, prosjekterings-, bygge- og driftsfase.
• Bestilling og oppfølging av eksterne geofaglege konsulentar.
• Utvikling og forbetring av interne kvalitetssystem og rutinar.
• Reising innanfor Møre og Romsdal må påreknast. Du får betalt reisetid og diettpengar.
Du vil ha stor fleksibilitet i arbeidskvardagen og noko fridom til å velje arbeidsoppgåver. Du er både på kontor og mykje ute i felt. Innhaldet i stillinga vil variere etter sesong og behov på prosjekt, og vil bli fordelt etter kompetansen til deg og dine geofaglege kollegaar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har
• Høgare geofagleg utdanning (minimum master-/hovedfagsnivå), fortrinnsvis ingeniørgeologi eller geologi med fokus på skred, geomorfologi eller bergmekanikk.
• Har du sterk og allsidig praksis frå fagområdet, evt. etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi fråvike utdanningskravet.
• Relevant erfaring teller positivt, men nyutdanna kan og søke.
• God kjennskap til digitale verktøy.
• Du må ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar som blir lagt spesielt vekt på:
• Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
• Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
• Du er utviklings- og løysningsorientert
Vi tilbyr
• ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
• god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
• offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
• løn etter avtale
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 6413 Molde
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør, Ingeniør / Geoteknikk og ingeniørgeologi, Annet
- FINN-kode
- 392373719
- Sist endret
- 06. feb. 2025 08:29