Har du lyst på ein kjekk sommarjobb på Vossestrand Omsorgstun?

Arbeidsgiver
Voss herad Vossestrand omsorgstun
Stillingstittel
Sommarjobb på Vossestrand Omsorgstun
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:

Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum. 
Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Me har heimeteneste med omlag 50 brukarar som me bistår med både heimesjukepleie og heimehjelpsoppdrag. 

 
Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sumarjobb i eldreomsorga?
Då har vi jobben for deg! På Vossestrand Omsorgstun er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i ferien. Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylgjing av flotte kollegaer på arbeidsplassen.

Tilsetjinga vil skje fortløpande i perioden. Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, elevar, studentar, assistentar er oppmoda om å søkje. 

Søknaden må innehalde opplysningar om:

  • Tidsrommet du kan arbeide i perioden frå juni-august, med hovudvekt på juli.
  • Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte.
  • Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden
  • Søkjar må vere 18 år. Om søkjar er 16-18 år kan det takast individuelle vurderingar. 
  • Bilsertifikat

 Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktiviteta, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid.
  • All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk. Turnusarbeid med helgearbeid.

Me ynskjer:

  • Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sumar.
    Me søkjer sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
    Me søkjer også deg som kunne tenkja deg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid.
  • Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.

Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me tilbyr:

  • E-læringskurs og god opplæring.
  • ein spanande, meiningsfull og lærerik sumarjobb.
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
  • varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg. Og eventuelt på natt.

 Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Oppheimsvegen 35, 5713 Vossestrand
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
392396088
Sist endret
07. feb. 2025 06:42