Ferievikar/tilkallingsvikar - Reinhald

Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Stillingstittel
Ferievikar/tilkallingsvikar - reinhald
Frist
16.03.2025

Beskrivelse

Vi søkjer etter ferievikarar i perioden mai – september 2025.

Vi har også til ei kvar tid behov for personar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i reinhald.

Behovet for ferievikarar gjeld på bygg både på Vartdal, Sæbø og i Ørsta. Vi ber difor om at du i søknaden skriv kvar du kan arbeide og kva periode du kan arbeide.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte. 


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg
  • Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille på kort varsel - både på dagtid og kveld. Opplæring vert gitt.
  • Det er ønskjeleg at du har førarkort klasse B og disponerer eigen bil, men ikkje eit krav.

Kvalifikasjonar

  • Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning, men erfaring frå reinhald er ønskjeleg
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode evner til samarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
  • Du er engasjert og løysingsorientert 

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og eit godt kollegium, møte mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet.
Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP  for dei tilsette.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Etter utgangen av søknadsfristen vert innkomne søknader handsama og tilsetting gjort fortløpande.

Dokumentasjon 
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din. 
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf.AML §14.2

Om offentleglova 
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
 

Kontaktinformasjon

Agnieszka Papierska, Avd.leiar reinhald, 95046369, agnieszka.papierska@orsta.kommune.no

Ulf Kristian Rognstad, Tenesteleiar teknisk, drift og eigedom, 951 55275, ulf.kristian.rognstad@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 6

6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune


Referansenr.: 4913315984

Stillingsprosent: 0%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 16.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
392406487
Sist endret
07. feb. 2025 06:56