Er du klar for ein meiningsfull sommarjobb der du kan gjera ein forskjell?
- Arbeidsgiver
- Etne kommune Miljøarbeidstenesta
- Stillingstittel
- Sommarvikar i miljøarbeidstenesta, 80-100%
- Frist
- 27.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Miljøarbeidstenesta i Etne treng sommarvikar. Me gir tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Me har behov for sjuke- vernepleiarar, studentar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Hos oss jobbar me turnus med langvakter i helger, og i veker om det er ønskeleg. Kva hjelp den enkelte brukar får er variert. Me treng deg som er fleksibel, engasjert, ikkje redd for å ta i eit tak og likar å vera i saman med menneskjer.
Arbeidet består av miljøarbeid, tilrettelegging, rettleiing, personleg hygiene, husarbeid, matlaging, hjelp til sosialisering.
Kvalifikasjonar- Arbeidssom, påliteleg og sjølvstendig.
- Gode samarbeidsevne, er strukturert og målretta.
- Fleksibel og tar initiativ.
- God digitalkompetanse.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Trygg og stabil person med sunne verdiar og haldningar.
- Trives i saman med ulike menneskjer.
- Jobbe sjølvstendig og i team.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Eit inkluderande, engasjert arbeidsmiljø.
- God individuell opplæring.
- Varierte og spannande arbeidsoppgåver.
- Fokus på å gi gode dagar for den enkelte brukar.
Som sommarvikar må du jobba minimum 5 veker av sommarferieavviklinga.
Me har tilbod om studentavtale.
Ein sommarvikar avtale er berre forpliktande for dei vaktene du har avtale om.
Ved arbeid i helse skal det leggast fram godkjent politiattest.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 392505324
- Sist endret
- 07. feb. 2025 08:24
Mer som dette
