Sokneprest i Jølster i Sunnfjord prosti med sokna Ålhus og Helgheim som tenestestad

Arbeidsgiver
Den norske kyrkje, Bjørgvin bispedøme
Stillingstittel
Sokneprest i Sunnfjord prosti med Ålhus og Helgheim sokn som tenestestad
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Jølster (3100 innbyggjarar) er ei kulturbygd med strålande natur, som er kjend frå målaren Nikolai Astrup sine mange motiv. Kyrkje og kulturliv har hatt eit rikt samspel gjennom generasjonar. Her møter ein bygde-Norge si dugnadsånd på sitt beste.

Vi søkjer ein sokneprest som ønskjer å vere ei drivkraft og ein inspirator i teamet av tilsette og friviljuge medarbeidarar. Søkjaren må vere glad i å forkynne evangeliet og gje opplæring i den kristne trua og kunne verdsetje alt godt kulturarbeid i folkekyrkja – og halde fram tradisjonen med å leggje til rette for gudstenester ute i naturen. Vi ønskjer at han/ho saman med trusopplærarane skal ta vare på og vidareutvikle det breitt utbygde arbeidet vi har for born og unge.

Jølster er landet rundt Jølstravatnet, med tettstadane Skei og Vassenden i kvar ende. Rundt vatnet ligg det tre kyrkjer, Ålhus (1795), Helgheim (1877) og Vassenden kyrkjesenter (2002). Kyrkjesenteret er ei  stor, moderne arbeidskyrkje med liturgisk rom, kontor for staben, kjøkken og fleire smårom. I tillegg kjem Skei misjonshus som også vert nytta av kyrkjelyden. Både på Vassenden og Skei er det omsorgssenter der presten i samarbeid med mange friviljuge plar ha andakt og sosial samling kvar 14. dag.

Kvar tysdag føremiddag plar tilsette, friviljuge og folk elles frå kyrkjelyden møtast til tidebøn og lunsj i kyrkjesenteret. Då er det også stabsmøte.

Soknepresten sine næraste  tilsette medarbeidarar er: Organist (90%), sekretær (40%), kyrkjelydspedagog (20%), trusopplærar (20%), driftssjef/kyrkjetenar (90%). I tillegg kjem mindre kyrkjetenar- og klokkartenester.

Statistikken for 2024 viser at det var 56 søndagsgudstenester i sokna med gjennomsnittleg 84 deltakarar, 40 dåp, 37 konfirmantar og 24 gravferder.

Det er ein godt utarbeidd plan for trusopplæring med mange tiltak, god oppslutnad og ein stor flokk av friviljuge som er involvert. Det er tradisjon for at foreldra er medansvarlege for mange tiltak i konfirmanttida, slik som kyrkjekaffi til dei ordinære gudstenestene, fest for konfirmantane, konfirmantweekend, konfirmantdag i slalåmbakken, konfirmantbading på 1. påskedag osv.

På Skei har KFUM/KFUK-speidarane ei stor gruppe.

Jølster er ein del av Sunnfjord fellesrådsområde med hovudkontor i Førde. Der er også kyrkjeverja og prosten lokalisert. Fellesrådet har 38 tilsette i om lag 20 årsverk. I tillegg er det 7 prestar. Dei samarbeider, har faglege møte, hjelper og utfyller kvarandre i oppgåver som det er krevjande å stå åleine om eller når det vert for mykje på same tid.

I Jølster er det godt barnehagetilbod og to grunnskular. I Førde-området er det vidaregåande skular og mange tilbod for jobbsøkjarar.

Fleire detaljar finst i sokneråda sine årsmeldingar: Årsmelding sokna Helgheim og Ålhus

 

Søkjar må ha førarkort klasse B og disponerer bil.

Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova §25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja §42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven §39 jf. trossamfunnsloven §20.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.


Arbeidsoppgåver

  • Gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • Konfirmantundervisning.
  • Deltaking i trusopplæring saman med kyrkjelydspedagog og trusopplærarar
  • Soknerådsarbeid
  • Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap

Kvalifikasjonar

  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi med praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • God evne til å formidle til born og vaksne i folkekyrkja.
  • Evne til å samarbeide med og inspirere friviljuge.
  • Vilje  til å vidareutvikle eit kyrkjeleg arbeid for alle aldersgrupper.
  • Evne til å nytte nynorsk som skriftspråk.
  • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.

Vi tilbyr

  • Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde,
  • Medlemskap i kollektiv pensjonsordning i KLP. Les meir om offentleg tenestepensjon på www.klp.no
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ.
  • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler.
  • Arbeidsvegleiing (ABV).

Kontaktinformasjon

Knut Magne Nesse, Prost i Sunnfjord, 91713275

Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidssted



6847 Vassenden

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke


Referansenr.: 4890074399

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.03.2025

Sted
6847 Vassenden
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
392506401
Sist endret
07. feb. 2025 12:28