Helse og omsorg søker
- Arbeidsgiver
- Aukra kommune Heimetenester
- Stillingstittel
- Ferievikarar 2025
- Frist
- 08.04.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Aukra kommune, Helse og omsorg søkjer ferievikarar til ferieavvikling i perioden medio juni til medio august 2025. Det er behov for ferievikarar i desse tenestene;
- Institusjon
- Heimesjukepleie
- Buteneste
- Reinhald
- Dagsenter
- Kjøkken
- Vaskeri
Det må presiserast i søknaden din kvar du helst vil arbeide. Er du allereie tilsett eller har vore vikar tidlegare i Aukra kommune kan du sende søknad på epost direkte til avdelingsleiar på eininga du ønskjer ferievikariat .Det er ein føresetnad at du har sertifikat kl B når du søkjer på stilling i heimesjukepleie og på reinhald.
På institusjon og i buteneste er det turnusarbeid på dag, kveld og helg. På kjøkken er det dag- og helgearbeid. På vaskeriet arbeidar du dag.
I heimesjukepleie arbeider du i turnus på dag, kveld og helg. I stilling som vikar på reinhald er det dagarbeid. Dagsenteret har vakt på dag,kveld og laurdagar.
Aktuelle søkarar vert kontakta fortløpande. Det er ein fordel at du kan arbeide minimum 5 veker. Det er òg høve til å søkje som tilkallingsvikar. Er du interessert i stilling som tilkallingsvikar kan du ta kontakt snarast.
Krav til søkjar
Personelg eigna
Sertifikat kl B heimesjukepleie og reinhald
Vi tilbyr
Tenestebilar
Kantine med variert meny
Arbeidsklede
Tilpassa opplæring og tett oppfølging
Varierte og innhaldsrike arbeidsdagar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff
Sjukepleiar-/vernepleiarstudentar har høgare ansiennitetberekning etter fullførte studieår
Særskilte krav
Krav om politiattest
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad".
https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 40
- Sted
- Omsorgssenteret, 6480 Aukra
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 392521892
- Sist endret
- 07. feb. 2025 11:31
Mer som dette
