Overlege i klinisk farmakologi – vikariat, deltid 

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken / Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Hel
Stillingstittel
Overlege i medisinsk biokjemi
Frist
20.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har frå 01.05.2025 ledig eit vikariat av eitt års varigheit i inntil 40% som overlege i klinisk farmakologi.

Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet og er også godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi.

Seksjonen har tilsatt 6 overlegar, av dette ein overlege i bistilling med hovudstilling på Universitetet i Bergen (UiB) og tre legar i spesialisering (LIS). RELIS Vest har ansatt ni farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i foretaket. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest.

Seksjonens medarbeidarar gir beslutningsstøtte til primær- og spesialisthelsetenesta innan legemiddelbehandling og formidlar kunnskap om riktig bruk av legemidler. 


Arbeidsoppgåver

  • Den som vert tilsett skal medvirke til videreutvikling av klinisk farmakologi i foretaket og i Helseregion Vest forøvrig
  • Delta i bakvaktordninga til seksjonen, rådgi/rettleie LIS, og rettleie/samhandle med rekvirentar
  • Undervisning i klinisk farmakologi til anna helsepersonell
  • Lleiaransvar innan spesielle område av verksemda, som MBF sin satsing innen samhandling med legemiddeltunge aktører i Helseforetaket og med formidling av kunnskap om riktig bruk av legemidler til helsepersonell både i primær- og spesialisthelsetjenesten
  • Det er ein del av verksemda å drive med forsking og utvikling, og det vert lagt til rette for det

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege og være spesialist i klinisk farmakologi
  • Erfaring frå arbeid med eldre pasientar og erfaring med prosjektarbeid innan laboratorieverksemd vert vektlagt
  • Erfaring som prosjektleiar, samt erfaring frå formidling og forsking/publikasjonsverksemd vert og vektlagt
  • Det forventast at den som vert tilsett har doktorgrad eller kvalifiserer seg vitenskapelig på doktorgradsnivå etter tilsetjing
  • Søkjar må ha svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne innan norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
  • Vere interessert i forsking og utvikling
  • Vere motivert og ansvarsmedviten og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for forsking innan våre satsingsområde
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Camilla Borthen Methlie, Enhetsleder/seksjonsoverlege, 95978278, camilla.borthen.methlie@helse-bergen.no>

Hege Hoff Skavøy, Avdelingssjef, +47 55974397, hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4917629130

Stillingsprosent: 40%

Vikariat

Søknadsfrist: 20.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Ledelse
FINN-kode
392538062
Sist endret
07. feb. 2025 12:41