Lærarar (vikariat)
- Arbeidsgiver
- Oppvekst og kultur, Sande kommune
- Stillingstittel
- Lærar (vikariat)
- Frist
- 07.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Larsnes skule og Gursken oppvekstsenter har ledige vikariat som lærar omgåande. Stillinga si størrelse og lengda på vikariatet tilpassast søkaren sitt ønske og skulen sitt behov.
Skulane er PALS-skule og vi jobbar for at dei unge skal ha eit trygt og inkluderande miljø, både sosial og fagleg. I arbeidet vårt står verdidane våre sentralt: respekt, ansvar og omsorg. Vi har kollektivt utviklingsarbeid ved eigen skule og i fellesskap i Sande. Skulen har nynorsk som målform.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
- Pedagogisk utviklingsarbeid på trinn, team og i fellesskap for heile skulen
- Tett dialog og foreldresamarbeid
- Ta del i å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø
- Delta i nettverkssamarbeid
- Delta i utviklingsarbeid ved skulen og i kommunen
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse for 1.-10. trinn
- Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar
- God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du har eit positivt elevsyn med evne til å bygge gode relasjonar
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
- Du har gode evner til å samarbeide med både kollegaer og føresette
- Du er påliteleg, ansvarsbevisst og fleksibel
- Du er ein god rollemodell
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Vi ynskjer ein medarbedar som vil bidra til å skape eit godt klima, både for elevane og for kollega.
Vi tilbyr
- Tilsetjing og løn i samsvar med lov-og avtaleverk
- Gode pensjonsordningar
- Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel
Kontaktinformasjon
Marianne Solbjørg Ose, Einingsleiar, 99239125Oddhild Våge Gjengedal, Einingsleiar, +47 47901133
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 4918594008
Stillingsprosent: 100%
Vikar
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- 6084 Larsnes
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 392539113
- Sist endret
- 07. feb. 2025 12:40
Mer som dette
