Ringevikar Pleie- og omsorg

Arbeidsgiver
Sveio kommune
Stillingstittel
Ringevikar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Me søkjer etter nye kollegaer til Pleie- og omsorg, på Sveio omsorgssenter og i Hjemmetjenesten. 

Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.

Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resultere i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.

Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.

Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.


Arbeidsoppgåver

Dine arbeidsoppgåver vil vere å hjelpe pasientane og brukarar med daglege gjeremål. Det kan være å tilrettelegge måltider, hjelp i stell og delta i miljøretta aktivitetar. Våre tilsette har eit fagleg fokus for å ivareta pasientane på best mogleg måte. Du jobbar saman med anna personell som sjukepleiar, fagarbeidarar og assistentar. 


Kvalifikasjonar
  • Helsefagleg bakgrunn er ein fordel for stillingar innen omsorg.
  • Andre med interesse for området kan også søkje.
  • Krav om ordinært førerkort klasse B i Heimetenesta og på natt.
  • Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakker, leser og skriv så godt at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeids oppgåvene dine sjølvstendig.
  • Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som ansettes i helse og omsorgstjeneste 

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Lojal, punktlig og pliktoppfyllande
  • Fokus på kvalitet i tenesta
  • Må kunne handtere utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fleksibel og løysningsorientert 

Vi tilbyr
  • Skriv i søknaden om du har ein arbeidsstad du føretrekke å jobba på
  • Du får mer informasjon om stillingane, hvis du tar kontakt direkte med kontaktpersonene
  • Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap 
  • Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle 
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar 

Sektor
Offentlig
Sted
Løkjavegen 35, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
392550956
Sist endret
07. feb. 2025 12:57