Tre vikariat i 100% stilling som lærarar i Lærdal kommune
- Arbeidsgiver
- Lærdal kommune Lærdalsøyri skule
- Stillingstittel
- Lærarar
- Frist
- 28.02.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.
Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri.
Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse. Har du lyst til å vere lærar i Lærdal kommune, då kan desse stillingane vere aktuelle for deg og du har all grunn til å lesa vidare.
Denne utlysinga gjeld i utgangspunktet tre årsvikariat for skuleåret 2025-2026, det vil seia 1. august 2025 - 31. juli 2026. For eitt av dei tre vikariata vil tiltreding kunne skje så snart som mogleg.
Utdanning/kvalifikasjonar for alle stillingane
- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7.trinn eller 5.-10.trinn
- Gyldig politiattest, skal leverast snarleg etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er god på relasjonsbygging og har gode samarbeidsevner
- Du er oppteken av fag, og har fokus på elevane sitt læringsutbyte i tillegg til at du tek omsyn til elevane sin livssituasjon
- Du har god kjennskap til vurdering for læring
- Du trivst med å jobba tett på elevar og grupper
- Du vert opplevd som ein trygg og tydelag vaksenperson i møte med elevane våre
- Du er løysningsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag med høgt tempo
- Du har ei positiv innstilling og god arbeidskapasitet
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning i klassar
- Aktiv deltaking i eit profesjonsfagleg fellesskap
- Samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidsaktørar
- Vera bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme eit spennande kollegium
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
I denne stillinga vil du jobba under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vere tilsett i Lærdal kommune. Som ansatt i Lærdal kommune, kan stillinga ved behov bli nytta ved begge skulane i kommune.
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Skulevegen 11, 6887 Lærdal
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 392558116
- Sist endret
- 10. feb. 2025 07:05
Mer som dette


