Ledige undervisningsstillingar

Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Stillingstittel
Ledige undervisningsstillingar
Frist
16.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du vera med å skapa inkluderande og trygge skulemiljø for våre elevar? 

Bømlo kommune har ledige undervisningsstillingar frå 01.08.2025. Me ser etter lærarar som set elevane i sentrum og som er motivert til å gje dei best mogleg opplæring og bidra til deira vekst og utvikling ved å være raus, modig og engasjert. 

Stillingane vil i hovudsak vera årsvikariat/vikariat i heiltids- og deltidsstillingar. Det er enno ikkje avklart på kva barneskular og ungdomsskular det vil bli ledige stillingar.    Du vil likevel i søknaden få spørsmål om på kva skule du ynskjer stilling, og her kan du nemne fleire skular om du vil.

Me ser fram til å ha deg med på laget i Bømloskulen!

Meir utfyllande informasjon om skulane i Bømlo finn du her! Vil du sjå korleis me har det i Bømloskulen? Sjekk ut vår flotte videsnutt lenger nede. 


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i barneskulen og/eller ungdomsskulen.
  • Kontaktlærar/faglærar/spesialpedagog. 

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk kompetanse og undervisningskompetanse i minst eit av desse faga: matematikk, norsk, engelsk, samt i andre undervisningsfag og spesialpedagogikk. Framandspråk er etterspurd.
  • Relevant erfaring er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • God klasseleiar- og relasjonskompetanse.
  • Utviklingsorientert og samarbeidsvillig.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

Bømloskulen tilbyr god kompetanse, nye/oppgraderte bygg med fine uteområde og tilgjengelege friluftområde. Me har godt IKT utstyr og skular som deltek i ulike utviklingsprosjekt, samt innarbeidde rutinar for tverrfagleg samarbeid med ulike hjelpetenester (BTI).

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.

Andre opplysingar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med skulefagleg rådgjevar Kristine Sætre. 

Kontaktinformasjon

Kristine Sætre, Skulefagleg rådgjevar, 953 66 282, Kristine.Saetre@bomlo.kommune.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune


Referansenr.: 4917574566

Stillingsprosent: 100, 80%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 16.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
392569978
Sist endret
10. feb. 2025 07:25