Sjukepleiar, fast nattstilling i heimebasert omsorg

Arbeidsgiver
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar, fast nattstilling i heimebasert omsorg
Frist
24.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig om lag 40 % fast nattstilling som sjukepleiar i heimebasert omsorg frå 07.04.2025. Om ønskjeleg kan stillinga aukast opp med vakante dagvakter eller kveldsvakter i heimebasert omsorg med inn til 100 % stilling. 

Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
  • Bidra til eit godt omdømme. 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjenning som sjukepleiar.
  • God digital kompetanse.
  • Sertifikat for bil.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
  • Spanande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314

Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318

Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535

Arbeidsstad

Valderøya

6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune


Referansenr.: 4919579850

Stillingsprosent: 40%

Fast

Søknadsfrist: 24.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Valderøya, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
393004569
Sist endret
10. feb. 2025 09:37