Kjøkkenassistent
- Arbeidsgiver
- Kjøkken og kantine Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Kjøkkenassistent
- Frist
- 24.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du bli ein del av eit engasjert team der kvalitet, samarbeid og trivsel står i sentrum? No har du sjansen!
Vi søkjer ein engasjert assistent i 100 % fast stilling med arbeid kvar tredje helg. Seksjonen har 25 tilsette, der 14 av desse er fagkokkar. Vi har matvertar, kantinetilsette og eiga oppvaskavdeling.
Produksjonsmetoden er hovudsakleg kok-server, og dei fleste produkta vert laga frå grunnen. Vi tilbyr varierte menyar, catering og spanande arbeidsdagar med fokus på rullering av arbeidsoppgåver.
Produksjonen går føre seg 365 dagar i året.
Arbeidsoppgåver
- Rullering mellom oppvask, matvertfunksjon, kantine og vareplukking
- Betening av kasse
- Smøring og produksjon av mat til kantine og catering
- Produksjon til salatbar
- Generelt reinhald
- Varemottak og vareplukking
- Bruk av IKT-verktøy og kvalitetssystem
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå kantinearbeid og betening av kasseapparat
- Erfaring frå oppvask
- Erfaring med koldtkjøkenarbeid
- Erfaring frå lagerarbeid
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Arbeider godt sjølvstendig og i team
- Bidreg til eit godt fysisk og psykisk arbeidsmiljø
- Strukturert og ansvarsmedviten
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hilde Karin Lehmann Valde, Seksjonsleiar, hilde.karin.lehmann.valde@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4908274251
Stillingsprosent: 100%
Fast
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider, Annet
- FINN-kode
- 393018098
- Sist endret
- 11. feb. 2025 06:39
Mer som dette



