Vil du bidra til auka aktivitet og trivsel for våre bebuar?

Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Årdal omsorgsenter
Stillingstittel
Aktivitør 100% vikariat
Frist
16.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me har ledig 100% vikariat som aktivitør ved Årdal omsorgssenter med tiltredning frå 01.08.2025 til 31.07.2026. Arbeidstida er hovudsakleg på dagtid, men med unnatak ved arrangementer.

Som aktivitør skal du vere med å auka trivsel og aktivitet hjå bebuarane slik at dei opplev kvardagsmeistring. Me ønskjer at du som aktivitør skal stimulere bebuarane slik at dei kan oppretthalda funksjonsnivået sitt, og oppleve auka glede i kvardagen.

Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret er inndelt i to avdelingar. Ein demensavdeling med 8 langtidsplassar, og ein somatisk avdeling med 13 langtidsplassar. 

Me søkjer:
- deg som er allsidig og kreativ
- deg som har evne til å motivere til auka aktivitet
- deg som har evne til å planleggje og leggje til rette for tilpasssa aktivtetar for bebuarane
- deg som kan ivareta og skape trygge rammer for bebuarane
- deg som er fleksibel og løysningsorientert

Arbeidsoppgåver:
- planleggje, lede og gjennomføre aktivetar
- motivera bebuarane til aktivitet og deltagelse
- tilretteleggja for aktiviteter i gruppe og individuelt
- ivareta bebuarene sine individuelle behov
- dokumentere og følgje opp bebuarane
- bistå bebuarane med pleie- og omsogsoppgåver ved behov
- delta i daglege gjeremål
- velferdsteknologi, m.a som superbruker i Hepro Skyresponse og Hepro RoomMate

Kvalifikasjonar:
- fagbrev som aktivitør foretrekkes, men annan relevant kompetase vil bli vurdert
- relevant praksis innanfor demens og somatikk i institusjon
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bestått språkopplæring på nivå B2
- førarkort klasse B
- fordel med IT-kunnskaper

Vilkår: 
- tilsetjinga vil vera i samsvar med gjeladene lovar og avtalar
- løn etter avtale
- det vert trekt 2% av bruttoløn til pensjonsordninga

Politiattest
- politiattest nyare enn tre månader må leverast før oppstart i stillinga 

Me tilbyr:
- gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- pensjon- og forskringsordningar etter tariffavtale
- ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- god seniorpolitikk

Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om ordningane i kommunen.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Melevegen 136, 4137 Årdal i Ryfylke
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
393028548
Sist endret
10. feb. 2025 12:02