Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
02.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Frå og med 01.04.25 har vi to faste 100%-stillingar ledige for sjukepleiarar ved Medisinsk sengepost i Volda!

Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø og hyggelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tverrfagleg med eit tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling og omsorg. Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar og gir deg som sjukepleiar god breidde i kompetanse og erfaringar. For tida har vi 30 sengeplassar fordelt på tre grupper.

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg
  • Samarbeide tverrfagleg kring pleie og behandling av pasientar
  • Bistå i mottak og overføring av pasientar mellom ulike omsorgsnivå
  • Eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver, mellom anna palliasjon, medikamenthandtering, samarbeid med pårørande og førstelinjetenesta.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til medisinske fagområde er ein fordel
  • Gode norske språkkunnskapar skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert
  • Du er ansvarsbevisst og fleksibel
  • Du er positiv, støttande og likar å samarbeide i team
  • Du har gode samarbeidseigenskapar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Laila Moe Winjevoll, Konst. seksjonsleiar, +47 47829022, Laila.Moe.Winjevoll@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4899545006

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.04.2025

Søknadsfrist: 02.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kløvertunvegen, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
393031953
Sist endret
11. feb. 2025 06:59