Sommarvikar som ergoterapeut

Arbeidsgiver
Terapeuteining Stord sjukehus
Stillingstittel
Ergoterapeut
Frist
25.02.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Er du ergoterapeut og vil jobbe i eit tverrfagleg team som fokuserer på å fremje helse, meistring og livskvalitet? Søk sommarjobb hos oss!

Terapeuteining Stord har ledig sommarvikariat for ergoterapeut. Vi har fem ergoterapeutstillingar. Ein stilling er knytt opp til  slageininga samt dei andre akuttpostane ved sjukehuset, og dei fire andre er knytt opp til rehabiliteringsposten og rehabiliteringspoliklinikken. Ferievikaren vil få ansvar for pasientar ved rehabiliteringsposten. Ein av våre faste ergoterapeutar vil vere på rehabiliteringsposten med deg, og vil fungere som rettleiar for deg. Du vil få tilbod om 2 veker med opplæring før ferieavviklinga hos oss startar. 

Rehabiliteringsposten har 9 døgnplassar. Vi tilbyr spesialisert rehabilitering til pasientar frå 16 kommunar som høyrer til Helse Fonna. Tilbodet er for pasientar som etter sjukdom eller skade har fått eit funksjonstap, motorisk og/ eller kognitivt. Dette kan vere pasientar som har hatt hjerneslag, traumatisk hovudskade, ryggmargsskade, Guillain-Barré, parkinson, MS, kreft, lang tids covid, eller andre skader/ sjukdommar. Ergoterapeutane jobbar i tverrfagleg team som består av fysioterapeut, helsefagarbeidar, lege, logoped, nevropsykolog, sosionom og sjukepleiar. 

Terapeuteining Stord høyrer til Avdeling for rehabilitering i Helse Fonna HF, og vi held til på Stord sjukehus. Stord ligg sentralt midt mellom Bergen og Stavanger, og det går dagleg direktefly mellom Stord og Oslo. Stord kan by på koseleg småbyliv, flott natur; både fjell og skjærgård, og eit rikt sports- og kulturliv.  

🔹Vi håpar dette høyres interessant ut, og ønsker deg velkommen til å søke sommarjobb hos oss! 


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og behandling av pasientar 
  • Dokumenteringsarbeid
  • Delta i tverrfaglege møter, målmøter og nettverksmøter
  • Tverrfagleg samarbeid internt på sjukehuset
  • Samhandling med kommune og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut. Ergoterapeutstudent som har fullført 2. året av ergoterapeutstudiet, og som har relevant erfaring, kan bli vurdert for stillinga dersom vi ikkje får andre kvalifiserte søkarar. 
  • Fordel med arbeidserfaring innan sjukehus/ spesialisthelstenesta 
  • Fordel med arbeidserfaring innan rehabilitering, hjerneslag og nevrologi
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Hos oss er det viktig at du

  • kommuniserer tydeleg og skapar gode relasjonar, både med pasientar, pårørande og kollegaer.
  • er engasjert i jobben din og møter arbeidskvardagen med motivasjon og pågangsmot. 
  • jobbar strukturert og har god oversikt, men tilpassar deg lett når situasjonen krev det.
  • trivst med å jobbe sjølvstendig, men set også pris på samarbeid og fagleg utveksling i team.

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og arbeidsforsikringar
  • Arbeid i lag med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Eit aktivit og triveleg arbeidsmiljø 

Kontaktinformasjon

Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, 952 34 329, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.no

Kjerstin Risnes, Funksjonsleiar, kjerstin.risnes@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64

5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4916292180

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 10.06.2025

Sluttdato: 15.08.2025

Søknadsfrist: 25.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Tysevegen 64, 5416 Stord
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
393046402
Sist endret
11. feb. 2025 03:48