![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/03/4/343/043/194_125e2d65-db06-4a77-bea5-67b4b8ac0b95.jpg)
Ledige undervisningsstillingar i grunnskulane
- Arbeidsgiver
- Oppvekst, Gloppen kommune
- Stillingstittel
- Ledige undervisningsstillingar i grunnskulane
- Frist
- 12.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule. I tillegg har vi eit opplæringssenter med norskopplæring for vaksne innvandrarar og flyktningar og førebuande opplæring for vaksne. Skulane i Gloppen jobbar tett saman med fokus på fagleg og sosial utvikling. Kommunen satsar på Betre Tverrfagleg innsats (BTI) og Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Vi har prosjekt med Høgskulen i Vestland (Dekomp) og Læringssenteret i Stavanger om blant anna desse tema.
Administrasjonsmålet er nynorsk.
Vi lyser ut ledige stillingar for komande skuleår. Det vil vere både faste stillingar og vikariat. Søkjarar vert oppmoda om å prioritere arbeidsstad i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Aktuelle arbeidsstadar:
- Breim skule: 1-7 skule med kring 90 elevar og 24 tilsette. Skulen er PALS-skule.
- Sandane skule: Fulldelt 1-7 skule med to parallellar og om lag 285 elevar. 52 tilsette.
- Gloppen opplæringssenter: Vaksenopplæring med omlag 90 elevar og 10 tilsette. Skulen gir norskopplæring og førebuande opplæring for vaksne.
- Hyen skule: 1-10 skule med kring 35 elevar og 9 tilsette. Fådelt skule.
- Gloppen ungdomsskule: Ungdomsskule med tre parallellar og rundt 200 elevar og 44 tilsette.
- Nordstranda skule: 1-7 skule med om lag 100 elevar og 27 tilsette. Skulen er PALS-skule.
Vikarar: Alle skulane ynskjer kontakt med tilkallingsvikarar som kan stille på snarast. Ta kontakt med rektorane i tillegg til å sende inn søknad på stilling.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer lærarar som har:
- godkjend pedagogisk utdanning for arbeid som grunnskulelærar 1-7 eller 5-10 eller faglærarar. Det er viktig med basisfag og krav om formell kompetanse
- fleire basisfag (norsk, engelsk, matematikk), spesialpedagogikk og norsk som andrespråk.
- kompetanse på byrjaropplæring.
- digital kompetanse
- kompetanse i praktisk-estetiske fag
- god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål.
- undervisningserfaring, god kompetanse på klasseleiing og røynsle som kontaktlærar.
- gode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematikk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø.
Menn blir særleg oppmoda til å søkje.
Vi tilbyr
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis
- Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Gro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, 906 19 713Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 913 31 262
Sonja Jordanger Loen, Rektor Gloppen opplæringssenter, 990 85 505
Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655
Elisabeth Sunde Andenes, Rektor Nordstranda skule, 958 69 279
Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716
Grete Aa Sandal, Rådgjevar oppvekst, 413 09 539
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4919510428
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 393159244
- Sist endret
- 11. feb. 2025 10:47
Mer som dette
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/2/vertical-0/03/4/343/043/194_125e2d65-db06-4a77-bea5-67b4b8ac0b95.jpg)