Lærling i Medieteknikkfaget
- Arbeidsgiver
- AMA - Adm.stab, Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Lærling i medieteknikkfaget
- Frist
- 01.03.2025
- Ansettelsesform
- Lærling
Beskrivelse
Er du ute etter ei spanande læretid med kjekke kollegaer i eit ungt og dynamisk miljø? Ved Amalie Skram vgs. har vi ein ledig læreplass i Medieteknikkfaget frå hausten 2025. Lærestaden er lokalisert i Bergen sentrum i same bygg som AdO Arena. Normal læretid vil vere 2 år, dersom du går ordinært løp frå vg2 Informasjonsteknologi og medieproduksjon.
I læretida vil du mellom anna lære mykje om:
- prosjekt og planlegging
- drift og utvikling
- produksjon og teknologi
- informasjon og kommunikasjon
Les gjerne meir på vår nettside om korleis det er å vere lærling i Vestland fylkeskommune: https://www.vestlandfylke.no/jobb-og-karriere-i-vestland-fylkeskomune/bli-larling-i-vestland-fylkeskommune/
Arbeidsoppgåver
Som lærling i Medieteknikkfaget vil du i læretida jobbe med eit bredt spekter av ulike oppgåver i samsvar med læreplanen.
Døme på dette er:
- Planleggje og gjennomføre ein teknisk produksjon frå idè til ferdig produkt.
- Velje, setje opp og bruke teknisk utstyr innanfor lyd-, lys- og biletproduskjon.
- Drifte og halde ved like teknisk utstyr.
- Vurdere risiko og tryggleik i eit prosjekt i samsvar med gjeldande regelverk, og reflektere over kva konsekvensar regelverket har for eige arbeid.
- Gjere greie for miljømessige konsekvensar og føreslå utbetringstiltak.
- Delta aktivt i skulen sine faste arragement i samarbeid med IKT- tenesta, medieklassar og administrasjonen, til dømes ved juleavslutning, konferansar, skulerevy mm.
Kvalifikasjonar
- fullført og bestått vg1 og vg2 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
- gode IT- kunnskapar
- god munnleg og skriftleg norsk fremstillingsevne
- interesse for faget
Personlege eigenskapar
- open og lærevillig
- gode samarbeidsevner
- ei positiv innstilling
- initiativrik og strukterert
- punktlig og høflig
- evne til å jobbe sjølvstendig og handtere mange ulike oppgåver
Vi tilbyr
Amalie Skram vgs. har lang og god erfaring med lærlingar og har for tida lærlingar i 4 ulike fag. Vi har eit godt miljø rundt lærlingane og tilbyr tett oppfølging av fagleg leiar og intruktørar.
- løn etter tariff som stig gradvis i læretida
- mange kjekke kollegaer som vil ta godt vare på deg i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø
- arbeidsstad i eit moderne bygg med AdO Arena vegg i vegg
- gratis treningsrom
- ulike sosiale aktivitetar
- mogleg å hospitere i mediebedrifter i læretida
Kontaktinformasjon
Annette Gry Ottesen, Fagleg leiar, 99455611, annette.gry.ottesen@vlfk.noKristine Sivertsen Stenhaug, leiar administrasjon , 99247702
Arbeidsstad
Lungegårdskaien 405015 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4911587250
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Lungegårdskaien 40, 5015 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Teknisk personell, Annet, Produksjon
- FINN-kode
- 393160284
- Sist endret
- 11. feb. 2025 10:45
Mer som dette

