Spesialsjukepleiar ved akutteam ved Øyane DPS

Arbeidsgiver
Øyane distriktspsykiatriske senter / Øyane allmenpsykiatriske poliklinikk 2, Hel
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar ved akutteam ved Øyane DPS
Frist
25.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter deg som er sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller rus til vårt akutt-team. Vi ønskjer at du er oppdatert og nysgjerrig på fagfeltet ditt og har eit engasjement for målgruppa vår. Du har gode samarbeidsevner, og ser moglegheiter i samarbeid med andre aktørar i helsetenesta og i pasientane sine nettverk. Startdato etter nærare avtale.

Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden. Området har 70 000 innbyggjarar og har hatt sterk befolkningsvekst. Vi er lokalisert i flotte lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå  Bergen sentrum. Her finn du to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon med 8 plassar og seksjon for psykoselidingar med 8 plassar. Vidare har vi rehabiliteringspoliklinikk/ FACT og ein allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande akuttteam.

AT er organisert under allmennpsykiatrisk poliklinikk. Det er eit tverrfagleg team med psykolog, psykiatriske sjukepleiarar, ein LiS og overlege. Vi har som oppgåve å gje rask poliklinisk vurdering samt kortvarig oppfølging av pasientar i akutt psykososial krise eller med alvorlig psykisk liding som krev oppfølging på spesialhelsetenestenivå.

Arbeidstid er for tida 0800 - 1530 på kvardagar, kan verte pårekna noko meirarbeid utover ordinær arbeidstid. Det er tidvis ambulant verksemd, og heimebesøk ved behov.

Arbeidsoppgåver

  • Tverrfagleg teamarbeid, observasjon, kartlegging og behandling
  • Vurderingssamtalar saman med lege og psykolog
  • Kontakt med samarbeidspartar, pårørande og andre aktuelle
  • Samarbeid med andre seksjonar ved Øyane DPS og Helse Bergen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar med relevant vidareutdanning
  • Relevant erfaring
  • Særskild kompetanse vil bli lagt vekt på
  • Søkjarar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort i klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er robust og toler å hjelpe menneske i sårbare livssituasjonar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har engasjement for pasientgruppa og ønskjer vere med å vidareutvikle tenesta
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnetheit

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Liv Åse Dybdal, Klinikkdirektør, 56326600

Arbeidsstad

Blombakkane 75

5354 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4920681990

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 75, 5354 Straume
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
393160647
Sist endret
11. feb. 2025 10:35