SOKNEPREST I VATNE OG HAMNSUND SOKN I NORDRE SUNNMØRE PROSTI

Arbeidsgiver
Den norske kirke, Møre bispedøme
Stillingstittel
Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Vatne og Hamnsund sokn som særskilt tenestad
Frist
02.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stillinga som sokneprest i Vatne og Hamnsund sokn er ledig
 
Nordre Sunnmøre prosti omfattar sju kommunar. Sokna Vatne og Hamnsund ligg på fastlandet i Haram kommune med i alt 9300 innbyggjarar. Vatne sokn har 3000 innbyggjarar og 2300 kyrkjemedlemmer. I Hamnsund  sokn bur det 1600, og av desse er 1150 kyrkjemedlemmar.
 
Haram er ein stor industrikommune med mange tilsette i skipsverftsindustrien. Vegen til  handlesenteret Moa er ca 20 minutt frå Vatne og til Ålesund sentrum er det ca 35 minutt. I kommunesenteret Brattvåg er det vidaregåande skule.
 
Hamnsund sokn har ein allsidig maritim industri og fiskeindustri som er svært internasjonal. Vi har også eit stort mangfald av nasjonalitetar som arbeider innan desse næringane. Norborg Fleirbrukshall vart opna i 2022, og er ein arena for sport og kulturarrangement også for bygdene omkring.
 
Innbyggjartalet har auka sterkt i Vatne sokn dei 10 siste åra, det gjeld særleg bygdene Tennfjord og Eidsvika. Tennfjord skule som i 1993 hadde 63 elevar, har no ca 170 elevar. Barneskulane og ungdomsskulen vert no samlokalisert på Eidet frå 2025, og vil då ha plass til i underkant av 500 elevar. Med denne utviklinga er det naturleg at Vatne sokn har eit særleg fokus på arbeid mellom barn, unge og familiar. I Hamnsund sokn er det barneskule i Søvik og Montessorriskule på Grytastranda.
 
Dei 3 sokneprestane i Haram samarbeider om tenesteveker i dei 4 sokna i kommunen. Dei såkalla Nordøyane (Haramsøy, Lepsøy, Flemsøy og Fjørtoft) utgjer og ein del av kommunen, og er bundne saman med bruer og tunellar gjennom Nordøyvegen som vart opna i 2022.
 
Sokneprest i Hamnsund og Vatne vil ha kontor saman med staben i Brattvåg (15 minutt unna Vatne). Her er ein positiv stab som jobbar tett saman med prestane og med engasjerte frivillige i dei ulike sokna.
 
Det vert lagt vekt på organisasjons- og teambygging, og staben har faste samankomster for å skape eit positivt arbeidsmiljø. Det blir nytta nynorsk i alle sokna.
 
Vatne kyrkje er frå 1868. Kyrkja ligg nær Vatne sentrum og har ca 450 sitteplassar.
Hamnsund kyrkje er frå 1875 og ligg om lag 2 km frå tettstaden Søvik. Kyrkja har om lag 300 sitteplassar, og er i 2025 150 år. Det er 19 km mellom dei to kyrkjene.
 
Følgjande stillingsheimlar finst i det kyrkjelege fellesrådet: Kateket, trusopplærar, diakonimedarbeidar og to organistar forutan kyrkjetenar i alle kyrkjene, kyrkjeverje og ass. kyrkjeverje. Kateketen legg til rette for konfirmantundervisninga på fastlandet. Soknepresten i Vatne og Hamnsund har ansvar for konfirmantane i begge sokna. I høgtidene samarbeider sokna på fastlandet om felles gudstenester. Prestane deltek i trusopplæringa, som har god oppslutnad.
 
I sokna er det god oppslutnad om dåp og konfirmasjon. Her er godt samarbeid med bedehusa og dei kristne organisasjonane, mellom anna i arbeidet blant barn og unge.  

Arbeidsoppgåver


  • Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for menighetsprester" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv blir fremja i soknet.
  • I tillegg til gudstenester, tenesteuker og beredskapsuker som blir fordelte etter oppsatt arbeidsplan, tek presten del i tros- og konfirmantopplæring, sjelesorg og andaktar på sjuke- og aldersinstitusjonane.  
  • Arbeid med leiing, struktur og planlegging.
  • Ansvar for konfirmantundervisning.
  • Det vil så langt det er mulig bli tatt omsyn til kompetanse, erfaring og interesse i fordelingen av oppgåvene mellom prestane. Alle prester i prostiet går inn i beredskapsordning.

Kvalifikasjonar

  • Dei formelle kvalifikasjonskravene for tilsetting som menighetsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av menighetsprest".
  • Vi søkjer etter en prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, som kan vise til gode leiareigenskaper og gode evne til samarbeid med kolleger og inn i det tverrfaglege miljøet.
  • Søker må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk ueinigheit.  
  • Ordinert søker som er statsborger i annet EØS-land blir gjort oppmerksom på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kirke, gitt av Kirkerådet, krav om medlemskap i Den norske kirke og krav om å beherske norsk språk, jfr. Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6. 
  • Søker må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Målforma i området er nynorsk. 

Personlege eigenskapar

  • Personlege og faglege eigenskaper vil bli vektlagt. 
  • Kontaktskapande med evne til å bygge nettverk.
  • Du må like å samarbeide med stab, frivillege, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar. 
  • Sjølvstendig og strukturert, og med god evne til å arbeide i team.
  • Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper. 

Vi tilbyr

  • Stillingen blir lønna etter hovedtariffavtalen for Den norske kirke, lønnsgruppe 1555 Sokneprest. KLP tenestepensjon.
  • Godtgjersle og tilskot etter dei vilkår som til ei kvar tid er fastsett. Den som blir tilsett, må rette seg etter endringar i lovar, tariffavtalar, særavtalar, reglement osv og andre avgjersle som kan ha betydning for gjeremåla i tenesta.
  • Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsveiledning (ABV) og andre former for veiledning.
  • Eit godt samarbeid mellom dei tilsette i prostiet, og prestane møtast regelmessig til kollega- og fagsamlingar. 
  • Bedriftshelseteneste

Anna

For å bli tilsett må ein ha førerkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet. 
Den som får tilbod om stillinga må legge fram politiattest, jfr Lov om tros- og livssynssamfunn §20.
Det er innført prøvetid på 6 måneder for alle faste tilsette.

Møre bispedøme skal være ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Kontaktinformasjon

Karl Johan Bjørge, Prost, 92423862, Karl.Johan.Bjorge@kyrkja.alesund.no

Sturla Fostervold, Personalrådgiver, 40833274, sf798@kirken.no

Arbeidsstad

Årsundvegen 11

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Den norske kirke


Referansenr.: 4920676113

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Årsundvegen 11, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
393180463
Sist endret
11. feb. 2025 12:01