Ferievikarar på Nissedal omsorgssenter 2025

Arbeidsgiver
Avdeling for institusjonstenester, Nissedal kommune
Stillingstittel
Ferievikarar på Nissedal omsorgssenter sommaren 2025
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Nissedal omsorgssenter har totalt 12 pasientar på skjerma og somatisk avdeling. Vi søkjer etter ferievikarar på dag og kveld, samt natt, frå veke 25 - 32. Vi søkjer deg som ynskjer å bidra til ein god og trygg kvardag for bebuarane på omsorgssenteret. 

Som ferievikar på omsorgssenteret vil du utføre varierte  pleie- og omsorgsoppgåver med fokus på medverknad, tillitsskapande tiltak og miljøarbeid tilpassa den enkelte avdeling. 

Søknaden må innehalde: 

  • Når du kan byrje i stillinga
  • Kva for avdeling du ynskjer å jobbe
  • Kor lenge du kan jobbe
  • Om du ynskjer fridagar eller helger du ikkje kan jobbe i den perioden du bind deg for, må dette kome fram i søknaden

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil blant anna vere: 

  • Pleie- og omsorgsoppgåver tilpassa den enkelte bebuar
  • Stell og pleie
  • Tilrettelegging av måltider
  • Observasjon av helsetilstand
  • Dokumentasjon i gjeldande journalsystem
  • Samarbeid med brukar og pårørande
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Vi treng ulike kompetanseområde:
    - Sjukepleiarar
    - Helsefagarbeidarar
    - Elevar innan helsefaget.
    - Assistentar med helsefagleg erfaring
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg
  • God på relasjonsbygging
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, samtidig som du er god til å samarbeide med kollegaer

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som: 

  • Ynskjer å bidra til ein god og trygg kvardag for bebuarane
  • Kan jobbe sjølvstendig
  • Har ynskje om å jobbe med menneske
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er lojal, initiativrik og er trygg i kommunikasjon med andre

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull sommarjobb som vil gje deg nyttig og verdifull arbeidserfaring
  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
  • Løn etter gjeldande avtalar, med eigen avlønning for studentar med relevant høgskuleutdanning
  • Bonusordningar. Om du bind deg for 5 eller fleire veker der arbeidsgjevar har styringsrett vil det bli utbetalt bonus for 5, 6 og 7 veker

Kontaktinformasjon

Eline Metveit, Avdelingsleiar for institusjonstenester, eline.metveit@nissedal.kommune.no

Arbeidsstad

Sollivegen 2

3855 Treungen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune


Referansenr.: 4917281019

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 23.06.2025

Sluttdato: 11.08.2025

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sollivegen 2, 3855 Treungen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
393195814
Sist endret
11. feb. 2025 01:36