Miljøterapeut Sommervikariat frå veke 24-33
- Arbeidsgiver
- Kasa ungdomssenter, avd. Tertnes, Hop og Flatøy - Bufetat
- Stillingstittel
- Sommervikar fra uke 24-33 i fast turnus
- Frist
- 25.02.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Kasa ungdomssenter ser etter deg som ønsker å jobbe som sommarvikar i fastsatt turnus i perioden veke 24-33.
Kasa ungdomssenter er eit statleg omsorgstiltak for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Vi har fem avdelingar i Bergen og omegn, med 3 eller 4 plassar på kvar avdeling. Kasa skal gjennom traumebevisst omsorg etablera profesjonelle omsorgsrammar som legg til rette for endring og utvikling for ungdomane som bur i våre avdelingar.
Vi ser etter deg som har eit stort engasjement og hjarte for ungdom som treng trygge og dyktige miljøterapeutar rundt seg for at dei skal få eit godt liv som vaksen.
Utlysinga gjeld for avdelingane Kasa Tertnes, Hop og Flatøy
Arbeidsoppgåver
Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid med fokus på traumesensitiv tilnærming
- Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom
- Journal- og dokumentasjonsansvar
- Praktiske gjeremål i avdelinga
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar:- Ønskeleg med fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning bachelor (sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar).
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad vil bli vurdert
- Erfaring frå arbeid på barnevernsinstitusjon vektleggast høgt
- Sertifikat kl. B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
- Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Det er ønskeleg at du har kjennskap til relevant lovverk, Traumebevisst omsorg samt målstyrt miljøterapi.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som :
- Har gode evner til å bygge relasjon
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har godt humør, og som likar å arbeide med og for ungdom
- Er løysingsfokusert og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte
- Er trygg, tydeleg og tillitvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov
- Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team
- Er fleksibel og trivast med store utfordringar
- Har tro på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet
- Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar
- Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk
- Har god fysisk og psykisk helse
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom,1489 miljøterapeut, eller 1508 vernepleiar: kr 466 600 - 594 500 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad,
kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, p.t. kr. 394 100 -
454 500 , 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 432 800 - 487 800
eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr. 443 000 - 502 300 pr år . - Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510
spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar,
1534 spesialutdanna miljøterapeut: kr 524 700 - 624 500 pr. år eller 1173 klinisk sosionom
eller 1496 klinisk barnevernspedagog: kr 532 200 - 624 500 pr. år - Tillegg for ubekvem arbeidstid ifbm turnus.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
I tillegg kan vi tilby:
- Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
- Du får vere ein del av omsorgssituasjonen til ungdomar som har behov for trygge og gode vaksne rundt seg.
- Gode arbeidsvilkår og lønn etter statens tariff avtale.
Opplysingar til deg som søkjer:
- Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillingane er for tida lagt til Kasa Tertnes, Hop og Flatøy
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast inn i søkarportalen.
Kontaktinformasjon
Sandra Helen Østrem BartzArbeidssted
Solheimsgaten 115058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4919613622
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 09.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 25.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
- FINN-kode
- 393199031
- Sist endret
- 11. feb. 2025 01:45