Medisinstudent med lisens

Arbeidsgiver
Psykiatrisk klinikk / Regional avdeling spiseforstyrrelser, Helse Bergen
Stillingstittel
Medisinstudent med lisens
Frist
23.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Regional avdeling spiseforstyrringar er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssykehus. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområde. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling og Avdeling psykosomatisk medisin.

Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. 

RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt ein spesialistpoliklinikk. I tillegg har vi eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen.  Avdelinga har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge.

Som medisinstudent med lisens ved Regional avdeling spiseforstyrringar vil du ha tett samarbeid med overlege, som vil ha det medisinskfaglege ansvaret. Du vil også samarbeide med vårt spesialiserte tverrfaglege team med psykologspesialistar, psykologar, miljøpersonale, klinisk ernæringsfysiologar og sosionom. Teamet har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest. Vikariatet er ledig frå 01. mars til 30. juni 2025.


Arbeidsoppgåver

  • Somatisk utreiing og oppfølging av pasientar i sengepost og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Ha norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for pasientgruppa
  • Du har god evne til samarbeid
  • Du er strukturert og beslutningsdyktig
  • Du tilpassar deg lett, er løysingsorientert og fleksibel
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt miljø 

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
  • Høgt fagleg nivå på behandling av alvorlege spiseforstyrringar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Svetlana Raknes, Avdelingsoverlege, 5597 6838, svetlana.raknes@helse-begen.no

Signe Haugen, Konstituert avdelingssjef, +47 55976822

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4915146566

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Startdato: 03.03.2025

Sluttdato: 30.06.2025

Søknadsfrist: 23.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Psykolog
FINN-kode
393276764
Sist endret
12. feb. 2025 10:29