Studentmentor
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Studentmentor
- Frist
- 15.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wStudentmentor
Bli med på å gi nye studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet ein god studiestart!
Studieåret 2025/2026 fortset vi tilbodet med ei mentorordning for nye studentar på års-, bachelor- og integrerte masterprogram. Mentorordninga vil gi eit gruppetilbod i studiestarten. I tillegg vil mentorgruppene samlast fleire gonger i løpet av det første studieåret.
Til å vera mentor treng vi deg som allereie har erfaring som student. Som mentor vil du ha ansvar for å leia mentorgruppa di gjennom ulike prosessar og aktivitetar gjennom heile det første studieåret. Målet er å hjelpa dei nye studentane til å koma godt i gang med utdanninga si, både fagleg og sosialt.
Du må vera student på SV-fakultetet og gjerne tidleg i utdanningsløpet ditt (2. eller 3. studieår).
Det er også ein fordel (men ikkje eit krav) dersom du er engasjert i studierelaterte aktivitetar som til dømes medlem av faglege, sosiale eller studentpolitiske foreiningar og utval.
Kva er arbeidsoppgåvene til ein mentor?
- Du vil leia ei gruppe på ca. 15-25 studentar
- Delta i programmet for mottaket (studiestart) og under studiestartveka
- Planlegga og gjennomføra møte med mentorgruppa gjennom haust- og vårsemesteret
- Delta på erfaringsutvekslingsmøte med andre mentorar på fakultetet
- Delta i evalueringsmøte og skriva korte rapportar/referat frå møta med mentorgruppa
- Svara på spørsmål frå enkeltstudentar i mentorgruppa utanom dei oppsette møta
Opplæring og kurs
Som mentor vil du, over to kursdagar, få opplæring i rolleforståing og gruppe- og prosessleiing, og praktisk gjennomgang av opplegg i mentorgruppa. Du vil også bli følgt opp av mentorkoordinator på fakultetet.
Forventingar til deg
- Du er open, empatisk og kan improvisera
- Du kan arbeida sjølvstendig, men også i team
- Du må vere trygg på å leie ei gruppe
- Du er strukturert og god til å planlegga
- Du er motivert til å hjelpa nye studentar, og bidra til eit godt læringsmiljø på fakultetet
- Du har god innsikt i studieprogrammet du går på og det faglege innhaldet der
Arbeidstid, lønn og attest
Jobben som mentor er lønna (inkludert kurs, førebuing og evaluering). Totalt er arbeidsforholdet på ca. 30 timar fordelt på eit studieår. I jobben som mentor blir du tilsett som fagkonsulent. Lønna er på 218,77 kr per time. Eventuelle kollisjonar med eiga obligatorisk undervisning kan vi legge til rette for. Du må og vera tilgjengeleg for opplæring 6. og 7. august. Du får ein attest frå Det samfunnsvitskaplege fakultet etter at jobben er utført. Du kan kombinera jobben som mentor med å vera fulltidsstudent, også med eventuelle andre deltidsjobbar. Du kan også både vera fadder og mentor.
Generell informasjon:
Søknadsfrist: 15. april 2025
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seniorrådgivar Helene Unneland, helene.unneland@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 30
- Sted
- postboks 7802, 5020 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Annet, Kontor og administrasjon
- FINN-kode
- 393288155
- Sist endret
- 12. feb. 2025 07:07
Mer som dette

